Tilkomst og parkering
I Kårhuskrysset, sving inn på Raunesvegen og følg denne vegen 5 km nesten heilt ut til Raunes. Like før du kjem til AF Miljøbase Vats, ser du ei infotavle og eit skilt til Stråtveit på høgre sida av vegen. Skilta parkeringsplass finn du på venstre side av vegen, ved busskur.
Dersom du ikkje vil gå, men køyra bil heilt fram, må du betala bompengar. Avgifta er 30 kroner som du legg i konvolutt i kasse 300 meter lenger oppe på vegen.
Om turen
Stråtveit er ein stor gamal fråflytta gard som var veglaus før. Mange gamle bygningar på garden er renoverte og sette i god stand. Her er det lagt til rette med grillplass og informasjonstavle. Det er turstiar med opplysningsskilt og informasjon om treslag og bygningar.
Ta gjerne turen ned til eit lite restaurert naust nede ved sjøen. Då går du på ein sti gjennom trolsk eventyrskog med fleire informasjonsskilt.
Terreng
Bilveg (grusveg) heilt fram, nokre bratte parti i starten.
Avstand
7,2 kilometer tur/retur frå parkeringsplassen.
Tidsbruk
Om lag 2 timar tur/retur.
Vanskegrad
Tilrettelagt tur.
Forklaring til fargekodane (PDF, 178 kB)
Opplysningar:
Bomveg, som er open for biltrafikk frå påsketider til 10. september.
Turkart
Digitalt turkart
Ut.no
Bilete
Historie
Stråtveitgarden er ein av dei største gardane i Vats med om lag 5.000 mål totalt og kan førast attende til 13-1400 talet. Som odelsgard har han historie frå 1692.
Garden vart kyrkjegods på 13-1400 talet. Under reformasjonen i 1537 overtok kongen kyrkjegodsa og då vart Stråtveit krongods. Då kongen av Danmark trong penger til krigar i 1690-åra, vart dei fleste krongodsa selde for å skaffa penger til kongen. Garden vart seld til Nils Larsen Raunes i 1692.
Garden har vore i Stråtveitslekta i 280 år frå 1692 til 1972.
Dei siste som budde på garden flytta i 1957. Garden låg brakk”frå 1957 til 1972 då A/S Norske Skog kjøpte garden. Då trong husa renoverast utvendig for å hindra forfall. Då vart det sett på nye tak og bordkledning på ytterveggene.
Husa på garden
Det er 14 bygningar på garden. Hovudhusa som står i dag, er frå 1800-talet. Mange hus på garden: Stovehus, løe, fjos, stabbur, folgehus, smie, kvernhus, eldhus, treskeløe, sirkelsag, vedhus,uteløer og naust.
Husmannsplassar
Det var 6 husmannsplassar på Stråteit:
Habn, Hummervik, Greburhaugen, Lunden, Krekjen og Brattestø.
Garden var veglaus fram til 1970-talet då A/S Norske skog overtok garden.
Telefon
Lars Stråtveit la opp ei 8 km lang telefonlinje frå telefonsentralen i Åmsosen allereie i 1928.
Skulegang for barna på Stråteit
Det var omgangsskule her. Læraren budde på garden i 3-4 veker og underviste barna i stova. Faga var lesing, skriving, rekning, religionsopplæring med katekisma med forklaringar og pugging av salmevers. Dette varte fram til langt på 1900-talet. Seinare måte barna inn til Indreland skule (Soltveit skule).
Folket på garden levde godt på det garden gav
Garden var eit sjølvbergingsbruk, det vil seia dei var sjølvhjelpne med det meste og brukte og utnytta det naturen kunne gi dei. Dei hadde naturalhushald, men etter kvart vart det kjøp og sal av produkt dei trong. Dei hausta meir frå jordbruk, husdyrhald, skogbruk, jakt i fjellet og fiske i fjorden enn det dei trong sjølv. Dermed vart det inntekter som kunne nyttast til ulike formål til familien.