Tilskot til integreringsfremjande tiltak

Etter søknad kan Vindafjord kommune yta stønad til lag og organisasjonar som driv eller vil starta integreringsfremjande tiltak i Vindafjord kommune. Søknadsfrist for 2025 var 15. april. 

Dimhou@Pixabay

Det har blitt busett rekordmange flyktningar i kommunen. Flyktningane blir busett i heile kommunen, og det vil vera avgjerande for integreringa med gode fritidstilbod og eit inkluderande lokalmiljø i den bygda dei bur i. Vindafjord kommune ynskjer å legga til rette for at lag og organisasjonar i kommunen kan bidra til integrering og inkludering av flyktningar. 

Det er i 2025 sett av 200.000 kroner i tilskotsmidlar som lag og organisasjonar kan søka om til integreringsfremjande tiltak. Det er ynskjeleg at tilskotsmidlane kan gjera det meir fleksiblet for lag og organisasjonar å oppretta nye aktivitetar, tilpassa opplegg, legga til rette for meir inkludering av flyktningar, og førebygging av einsemd. Tilskotet kan nyttast til tiltak retta mot flyktningar i alle aldrar, men kommunen oppmodar særskild til søknadar som fokuserar på inkludering av einslege vaksne. 

Dette kan du søka om tilskot til:

·         Arrangement

·         Møteplassar

·         Aktivitet

·         Utstyr

·         Transport

·         Informasjon og kommunikasjon

·         Tolkeutgifter og omsetting

·         Kurs og kompetanseheving

·         Nyskaping

Lista er ikkje uttømmande

 

Søknadsprosess

Søknadsfrist: 15. april 2025

Tilbakemelding frå kommunen: innan 1. juni 2025

Søknadane blir vurdert av integreringstenesta og rådgjevar for kultur og idrett.

Dersom ikkje alle midlane blir brukt opp i første søknadsrunde, vil resterande midlar bli utlyst på ny med søknadsfrist 1. september.

 

Rapportering

Mottakarar av tilskot må sende ei kort oppsummering av korleis midlane er nytta og effekten av desse innan 31.01.2026.

 

Spørsmål

Har du spørsmål om tilskotet kan du ta kontakt med Miriam Aareskjold i integreringstenesta. Tlf.: 41287722. E-post: miriam.aareskjold@nav.no