Om museet

Nerheimtunet er ein del av Sunnhordland museum. Tunet ligg i Ølen, og er eitt av opphavleg to gardstun som stod på bruket Nerheim Store.

Nerheim tyder heimen til Njord, sjøguden og fruktbarheitsguden i den Norrøne trua. Staden vart også kalla Njardheim i eldre tider. I førkristen tid stod det eit gudehov her. Bygdetinget har også truleg halde til her.

Frå 1326 til omlag 1860 er Nerheim nemnd som ein kyrkjestad, men i 1874 vart det bygd ei kyrkje på ei ny tomt ved sjøen. Kyrkjegarden vart liggande på Nerheim, og det gamle våpenhuset vart lenge ståande som reiskap. Gardstunet på det eine bruket på Store Nerheim reknar ein med vart reist i omlag 1660, og har alltid vore sjølveigande.

Nerheimstunet er eit vestnorsk bygdetun frå 1859-tallet som ligg sentralt i Ølen, og er eitt av opphavleg to gardstun som stod på bruket Nerheim Store. Dei hadde eldhuset felles, og difor er det større enn vanleg med inngang frå begge endar.

Stor samling skipsbyggingsreiskap

Tunet elles inneheld mellom anna eit bustadhus, som er to samanbygde lemstover, løe, skykkje og stabbur. Bygningane på Nerheim inneheld innbu og reiskap som opphavleg er frå garden, men også frå bygda elles.

I eldhuset er det ei stor samling skipsbyggingsreiskap frå familien Sjovatsen, som i fleire generasjonar dreiv jaktebygging på Sandviksanden i Bjoa.

Den siste som dreiv garden var Anna Steensdatter, den yngste av ein søskenflokk på ni. Alle søskena flytta til Amerika. Ho hadde ingen etterkommarar, og testamenterte garden til Sunnhordland Museum i 1969.