Kvar er bøkene å få kjøpt?
Dei nyaste bøkene Vikebygd, Vikedal og Sandeid er å få kjøpt i bokhandel.
Du kan også kjøpa to av dei på nett hos Fagbokforlaget.
Heimar og folk i Sandeid
Heimar og folk i Vikebygd
Hos servicetorget, Vindafjord rådhus, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen kan du berre kjøpa Skjold, Ølen og Bjoa. Ølensvåg er utseld.
Kom innom rådhuset, ring 53 65 65 65 eller send e-post til servicetorget@vindafjord.kommune.no
Vats: Ta kontakt med John Olav Velde, mobil: 90 55 41 34
Pris
Ølen 1A, Ølen 1B, Ølen III – Bjoa, Skjold I og Skjold II: Bøkene blir seld til sterkt redusert pris til 198 kroner per bok.
Ølen II – Vågen: utseld
Vikedal (to band): 1.249 kroner
Vikebygd (to band): 1.199 kroner
Omkostningar ved frakt kjem i tillegg.
Gardar og ætter i Ølen
Til saman er dette 4 bøker. Her møter me folket i Ølen gjennom tidene, i arbeid og fest, i glede og sorg – frå dei første menneska stig ut av det historiske mørket.
Bøkene er ikkje skrive berre for folket i Ølen skulekrins, men for alle som bur i gamle Ølen kommune og for interesserte i bygd og by.
Ølen 1A
Boka er skriven av Anders Haugland. Den omfattar gardane på Dreganes, Dørheim, Hamre, Haugen, Heggjo, Hiksdal, Hustveit, Kåtabø, Lio, Oppheim, Roa, Ryo, Rødno, Stongaland og Tveit.
Ølen 1B
Boka er skriven av Anders Haugland. Den omfattar gardane på Eio, Haugland, Heiabø, Klungland, Myrabø, Nerheim, Stumo og Økland.
Ølen II – Vågen
Boka er skriven av Anders Haugland. Den omfattar gardar og ætter i Vågen.
Ølen III – Bjoa
Boka er skriven av Toralf Tvedt. Den omfattar gardar og ætter på Bjoa.
Skjold
Bøkene er skrive av Nils Olav Østrem.
Til saman består heile gards- og ættesoga for tidlegare Skjold kommune av fire bøker. Gamle Vindafjord kommune gav ut to bøker, og Tysvær kommune to bøker (Skjoldastraumen og Grinde).
Vindafjord kommune har Skjold I og II for sal saman med dei 4 bøkene frå tidlegare Ølen kommune.
Soga om gardane og folket i Skjold fortel korleis livet har arta seg frå langt tilbake i tid og fram til no. Det er lagt stor vekt på slekts- og personhistorie. Kvar gardssoge er ei forteljing om særpreg for den enkelte garden.
Skjold I
Omfattar gardane i Ersland-krinsen, Stordalen, Haraldseid- og Risangerbygda frå Hodnafjell til Isvik.
Skjold II
Omfattar Beitabygda, Austrheimsbygda og Longalandsstranda – frå Skjoldavik til Longalandsfjellet.
Vikebygd
Heimar og folk i Vikebygd er ei nyskriven busetnadssoge i to band. Busetnadssoga tel over 1.200 sider, og fortel om folket som har budd i Vikebygd heilt frå gamal tid og fram til notida.
Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassane. Det er lagt stor vekt på få fram einskildmenneska som har budd i bygda.
Det første bandet dekker Midtbygda, gardsnummer 324–333. I tillegg er soga om kyrkjene i bygda tatt med i dette bandet. Det andre bandet dekker grendene Nordabygda (gardsnummer 319–323), Sørabygda (gardsnummer 334–338) og Bjordal (gardsnummer 339–340).
For meir informasjon, sjå Vikebygd si heimeside.
Personnamnregister (PDF, 213 kB)
Husmannsplassregister (PDF, 36 kB)
Vats soga
Vats soga er skriven. Meir informasjon om boka kan du få ved å kontakte Jon Olav Velde, mobil 905 54 134. Hos han kan du også få kjøpt boka.
Imsland
Det er ikkje den framdrift i høve bygdebokarbeidet for Imsland som ønska. Arbeidet har diverre ei alt for lang historie, og har vore i stor grad forseinka grunna sjukdom. Diverre kan me ikkje stadfesta tidspunkt kva tid ei bygdebok for Imsland kan bli ferdig på nåverande tidspunkt.
For meir informasjon kontakt einingsleiar kultur og læring, Ane Kesia Eide Fatland 48099251.
Vikedal
Heimar og folk i Vikedal er ei busetnadssoge i to band. Busetnadssoga handlar om folket som har budd i Vikedal, heilt frå gamal tid og fram til notida. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassane med vekt på einskildmenneska i bygda.
Osen-bandet dekker gardane i og ved Vikedalsosen (gardsnummer 43 og 65-68) og Hogganvik (gardsnummer 69). Det andre bandet dekkjer grendene Midtbygda (gardsnummer 44-50 og 59-64) og Fjellgardane (gardsnummer 51–58).
Bøkene er laga på oppdrag frå Vindafjord kommune, og Universitetet i Stavanger har hatt ansvaret for utarbeidinga av verket.
Namneregister
Det er utarbeidd og lagt ut førenamnsregister for personar nemnde i bygdeboka Heimar og folk i Vikedal (PDF, 259 kB).
Registeret omfattar alle hovudpersonar som er omtala i bøkene, det vil seia namn som er skrivne med utheva skrift i busetnadsdelen.
Etter kvart namn er det oppgjeve kva matrikkelgard namnet førekjem på, og deretter kva sidetal namnet er å finna på for den same garden.
Sandeid
Heimar og folk i Sandeid er ei busetnadssoge i to band. Busetnadsoga handlar om folket som bur og har budd i Sandeid og Ilsvåg, heilt frå gamal tid og fram til notid. Bøkene fortel om levekåra på gardane, bruka og husmannsplassa, med vekt på einskildmenneska i bydga.
Sjøen- bandet dekkjer gardane i og ved Sandeid sjøen og det andre bandet dekkjer grendene Eide, Helgevoll, Helgeland og Ilsvåg.
Bøkene er laga på oppdrag frå Vindafjord kommune, og Universitetet i Stavanger har hatt ansvaret for utarbeidinga av verket.
Bøkene kan kjøpast i bokhandel.