Vikebygd kyrkje

Vikebygd har hatt ei lang rekke kyrkjer. Den eksisterande kyrkja er den femte i rekka, og vart vigsla 23. september 1937.

Vikebygd kyrkje ein fin junidag. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Frå året 1861 har Vikebygd vore lagt til Sveio prestegjeld, som omfatta bygdene på begge sider av Ålfjorden. Folket i Sveio ønskte å få si eiga kyrkje. Då Vikebygd kyrkje skulle byggast opp att, kravde dei at det samtidig vart bygd ei kyrkje i Førde i Hordaland. Slik blei det, og to kyrkjer kom opp.

Dagens kyrkje i Vikebygd er bygd i mur og plassert på den eldste kyrkjeplassen. Kyrkja har rundt 300 sitteplassar, og kyrkja er teikna av arkitekt Alvsaker i Bergen. Kyrkja fekk nytt orgel, bygd av Landrog i Haugesund, og det vart sett inn i eit sidegalleri i tårnet.

I 1980-åra gjekk kyrkja og kommunen saman og investerte i nytt orgel bygd i Nederland.

Du kan lesa meir om kyrkja sin historie hos vikebygd.org

Vikebygd kyrkjelyd sine eigne nettsider

Gudstenestelista og anna informasjon finn du på hyrdingen.no eller kyrkja i Vindafjord sin kalender.