Dåp

  • Kyrkjelydane i Vindafjord ønsker dykk til lukke med barnet de har fått, og velkomne til dåp!
  • Vil du vita meir om kyrkja sitt syn på dåpen, kan du gå til Vindafjord kyrkje si side om dåpen.
  • Ta kontakt med den lokale soknepresten på kyrkjekontoret om du lurer på noko.

Medlem i Den norske kyrkja

Gjennom dåpen vert barnet medlem i Den norske kyrkja.

Det mest vanlege er å døypa i den kyrkja ein soknar til, men ein har høve til å velja ei anna kyrkje i prestegjeldet eller ein annan stad om det er ønskeleg.

Før dåpen

  • Ring kyrkjekontoret og avtal dåpsdato.
  • Fyll ut skjemaet Innmelding til dåp og send det til kyrkjekontoret. 
  • Skriv inn på skjemaet den avtalte dato, kyrkje og klokkeslett for dåpen. På skjemaet skal de føra på fødselsdato, personnummer og namn på barnet og  foreldra.
  • Det må også finnast 2-6 fadrar, og namnet og adressa deira må førast på.
  • Send skjemaet så snart som mogleg til kyrkjekontoret. Det gjeld også ved dåp i andre prestegjeld.
  • Ikkje gløym å fylla inn dykkar eige telefonnummer slik at me kan ta kontakt med dykk før dåpen og avtala dåpssamtale.

Fadrar

Ved dåpshandlinga skal det vera minst to fadrar forutan foreldra. Helst bør det ikkje vera fleire enn fem fadrar.

Fadrane er vitne om at bornet er døypt. Dei skal også vera med å be for barnet og gi hjelp til at barnet si tru på Jesus kan leva og utvikla seg. Det er ein rikdom for eit barn å ha fadrar som ber for det og viser det omsorg.

Fadrar må vera over 15 år og skal normalt tilhøyra Den norske kyrkja.

Dåpssamtale

De blir kontakta før dåpen med invitasjon til dåpssamtale. Ein går gjennom dåpsliturgien, snakkar litt om dåpen si gåve og oppgåve, og om det praktiske rundt dåpshandlinga i kyrkja.  

Kontaktinformasjon

Kyrkjekontoret i Vindafjord
E-post
Telefon 53 65 57 93

Adresse: Kleivavegen 2-4, 5574 Skjold
Telefontid: 08.00 - 16.00