Visuelle kunstfag, Ungdom

Det er eit tilbod for dei melom 12 -17 år som vil lære og vil fordjupe seg i ulike kunstteknikkar. 

Undervisning vil skje i ei lita gruppe kor eleven får tilstrekkeleg individuell veileiding under eigen skapar- prosess. Det er rom for elevmedverknad til å velje ut frå eigne interesser og samtidig få utfordre seg innan nye teknikkar og tema. 

Teknikkar og tema 

Me jobbar med teikne-, maling- og trykke-teknikkar med ulike materiale. Tredimensjonale teknikkar som leire, pappmachè og liknande er også prioriterte tema. I ein periode får elevane erfaring med digital teikning på Ipaden. Dei lærer om ulike visuelle verkemidlar innan desse ulike teknikkane. 

Flott stemning og høg kvalitet på produksjon har prega ungdoms gruppa i mange år. Ikkje minst får eleven utvikle sine evner, kreativitet og skaparglede. Fleire av våre elevar har delteke i ulike konkurransar, utstillingar og mange har satsa på ein veg vidare i kunst eller design. Så velkommen! Bli med!

Lærarar