Haugaland Hesteport Arena

Haugaland Hestesport Arena er regionalt og nasjonalt anlegg med trenings- og stemnefasilitetar til dei fleste greiner innan riding. Basen i drifta er barne- og ungdomsarbeid med mellom anna rideskule, ponniskule, stallgjengen og tilpassa riding.

Haugaland Hestesport Arena

Haugaland Hestesport Arena (HHA) er eit stort interkommunalt anlegg. Kommunane Tysvær, Vindafjord, Karmøy og Bokn har inngått avtale om både investering og driftsgaranti. 

HHA blir drive i eit samarbeid mellom Faxi Islandshestforening og Indre Haugaland Ryttersportklubb.

Byggetrinn 1 stor ferdig i Høievegen 332 i Tysvær desember 2019. Der finn du mellom anna tre ridebanar, to ridehallar, to stallbygningar, store luftegardar og 80 kilometer distanserittløype.

Her er det hestesportaktivitetar for barn, unge og vaksne, som rideskule, rideleirar, sprangriding, dressur, islandshest og distanderiding. Dei tilbyr også tilrettelagt riding og ridefysioterapi, og ein kan leiga stallplass.

Norges Rytterforbund har sett anlegget i Førresfjorden på kartet som eit av hovudanlegga innan hestesport i Noreg.

Info om Haugaland Hestesport Arena på nett

Info om Haugaland Hestesport Arena på Facebook

Info om Faxi Islandshestforening på nett

Info om Indre Haugaland Ryttersportklubb på nett