Meirope bibliotek – tilgang til bibliotek utanom vanleg opningstid.

Av og til har ein trong for å gjera bruk av biblioteket ut over vanleg opningstid. Kanskje ein vil jobba med studie, lesa ei avis, spela sjakk, levera eller låna bøker, søka etter og tinga bøker på våre digitale hyller, eller berre slappe av med ei god bok på kvelden.

Då kan det vere greitt å veta at Vindafjord bibliotek er eit meirope bibliotek. Det vil seie at du har høve til å gjera bruk av biblioteket frå klokka 07.00 til klokka 22.00 kvar dag heile året.


For å kunna gjera bruk av det meiropne tilbodet må du vere registrert lånar, vera over 16 år, samt teikna eigen kontrakt for meirope bibliotek. 

I den meiropne opningstida vil bibliotektilbodet vere ubetent, då biblioteket berre er betent i vanleg opningstid. Våre betente opningstider finn du her

Under meiropen tid (det vil seie utanom betent opningstid) er biblioteket overvaka av video. Dette er for lånarane sin tryggleik, samt for å sikra utstyr og inventar som er i lokala. Opptaka blir behandla etter gjeldande lovar og forskrifter. 

Hærverk vil bli meldt til politiet, og du vil bli stilt ansvarleg for eventuelt skadeverk. 

Fullstendig kontrakt for meirope bibliotek finn du her (PDF, 118 kB)