Det er svært sjeldan at menneske og andre dyr enn fuglar blir smitta med fugleinfluensavirus. Smitte kan ein sjeldan gong likevel skje etter nær, ubeskytta kontakt med sjuk fugl. Risiko for smitte til menneske vert vurdert som svært låg. Det finns mange ulike influensavirus blant fuglar, virusa kan endra seg raskt og kunnskapen om desse virusa er begrensa. Derfor anbefalar me at alle følger nokon enkle råd for å førebygga smitte:
• Ikkje ta på sjuke eller døde fuglar eller andre dyr der det er mistanke om smitte.
• Vask hendene nøye med såpa og vatn etter kontakt med fugl, avføring frå fugl, eller utstyr som har vore i kontakt med fugl.
• Varsla Mattilsynet ved mistanke om fugleinfluensa hos fuglar og andre dyr.
• Personar som må handtera fuglar eller andre dyr med mistenkt eller bekrefta smitte i yrkes- eller hobbysamanheng, bør ta forholdsreglar ved å benytta personleg beskyttelsesutstyr. Dette for å unngå smitte til andre dyr, og for å redusera eigen smitterisiko. Val av type beskyttelsesutstyr bør vera basert på særskilt smittevernfagleg risikovurdering. I yrkessamanheng er det arbeidsgivar sitt ansvar å sørga for tilstrekkeleg beskyttelse av arbeidstakarane.
• Etter handtering av fugl med mistenkt eller bekrefta smitte, og påfølgande utvikling av influensaliknande symptom (til dømes feber og hoste), augekatarr, oppkast, diaré eller alvorleg sjukdom dei neste 10 dagane, skal lege kontaktast for behandling og testing. Det skal då opplysast om at ein har handtert fugl (evt. andre dyr).
• Personar som har hatt kontakt med fugl med mistenkt eller bekrefta smitte skal følgast opp av kommuneoverlegen og/eller behandlande lege. Sjå anbefalingar i FHIs smittevernveiledar.
• Ved utvikling av symptom som gir mistanke om sjukdomsutvikling, bør det gjerast ei risikovurdering for om pasienten bør halda seg heima eller isolerast i sjukehus for å begrensa kontakten med andre, og for å få tilstrekkeleg helsehjelp.
• Ved utbrot hos tamme fuglar kan ein eta egg og kjøt frå butikken som normalt, med mindre anna informasjon er gitt. Ved slike utbrot vil Mattilsynet iverksetta tiltak for å redusera sjansen for at egg og kjøt frå anlegg med smitta fuglar havnar på markedet. Risiko for smitte via mat er svært låg. Ved konsum av egg og kjøt fra fuglar vert det som alltid anbefalt at vanlege hygieniske forholdsreglar vert fulgt, som å halda matlagingsmiljøer reine, skilla rå og tilberedt mat, og tilstrekkeleg varmebehandling av kjøt frå fuglar, samt god handhygiene ved tilbereding av mat.
• Kjøt og egg frå villfugl bør vera gjennomsteikt eller kokt før det blir ete, det vil sei varmebehandla til 70 grader.
• Personar som er ekstra utsett for kontakt med smitte frå villfugl, til dømes personar involvert i jakt, ringmerking og liknande aktivitetar bør følga gjeldande smittevernråd på Mattilsynets nettsider om fugleinfluensa.
• Hundar og kattar bør så langt det lar seg gjera haldast unna sjuke og døde fuglar).
• Reisande til land og områder der det er påvist utbrot av fugleinfluensa, bør ta visse forholdsreglar.
Nettlenke med informasjon frå FHI
Råd for å førebygga smitte med fugleinfluensa til mennesker