Omsorgstrappa illustrerer korleis kommunen ønsker ein trinnvis auke i tenestenivå for tenestemottakar med endring i funksjonsnivå.
Ved tildeling av tenester skal ein alltid ha prøvd ut eller kartlagt moglegheita for å dekka behovet på eit lågare omsorgsnivå.
Ikkje alle tenester er nemnt i omsorgstrappa, og det er heller ikkje slik at tenester er låst til berre eitt nivå. Fysio- og ergoterapi kan til dømes vera aktuelt på alle nivå.
Omsorgstrappa er bygd etter BEON-prinsippet (Beste Effektive Omsorgs Nivå) og er forankra politisk og administrativt i Vindafjord kommune si serviceerklæring.
Sist endra 26.07.2022 10.49