Forutan dei 48 institusjonsplassene er der også 25 kommunale omsorgsbustadar for eldre, derav to for midlertidige opphald. Dagsenter for eldre og heimebuande med demens har lokaler på Vindafjordtunet. Kreftkoordinatorane, hukommelsesteamet og heimetenesta for ytre sone har også sine kontor ved Vindafjordtunet.
Velkomen på besøk!
Me har ingen faste besøkstider på huset. På kveldstid kan du møta låst hovuddør. Då ringer du på dørklokka på veggen.
Det er mogeleg å bruka inngongen oppe ved omsorgsbustadane om du skal besøka Nord, Tinden eller omsorgsbustadane.
Når du er her, er det fint om du brukar rommet til den du skal besøka og ikkje fellesareala i avdelinga under besøket.
Me anbefaler også at du brukar nytt fellesområde midt i hjarta av huset (ved inngongen til somatisk avdeling) til besøk. Her vil du blant anna finna sittegrupper, bibliotekkrok og leikekrok for barna.
Måltid
Dagsrytmen vert tilpassa den enkelte etter ønsker og behov. Det er likevel nokre faste måltider i løpet av dagen:
- Frukost frå kl 08.00
- 12.30: Middag
- 15.30: Kaffimat
- 18.00: Kvelds
Vindafjordtunet er oppteken av at måltid vert servert for bebuaren, og tilstrebar at ønsker og behov vert dekka. Det er tilbod om småmåltid, også utanom dei faste måltida. Steiking av fiskekaker, speilegg, omelett og mykje meir vert til tider laga.
Arrangement og tilstellingar
På Vindafjordtunet er me opptatt av dei gylne augneblikka, dei små tinga i kvardagen som gir glede og meistring. For oss er det viktig at bebuarane opplever aktivitetar som speglar det dei likar, anten det er individuelt eller felles.
Gjennom året har me felles tilstelningar som påskefrukost, julefrukost, pårørandefest, frivilligfest, hattekarneval og mykje meir.
I tillegg er avdelingane opptatt av å bringa fram lukter og minner til alle og ein kvar. Miljørgruppa steller i stand basar ein gong i året, og me har nå fått tradisjon for minidyrsku der dyr møter folk.
På det jamne er det andakt og den kulturelle spaserstokken for å nemna noko. Pasientvennene kjem også innom med «snopetralla».
Slik finn du oss
Besøksadressa til Vindafjordtunet er Kårhusvegen 5, 5578 Nedre Vats.
Parker på parkeringa nede eller oppe, og gå inn hovudinngangen i 1. etasje.
1. etasje: Kontor for leiing, merkantile, kreftkoordinator, høyrslekontakt, kjøkken og kantine.
2. etasje: Somatisk langtidsavdeling, avdeling sør, avdeling nord, hukommelsesteamet og besøkssstova.
3. etasje: Omsorgsbustadane, avdeling Nord, dagsenter.