Kreftkoordinator

Dersom du har fått kreft, eller ein av dine næraste har fått kreft, kan kreftomsorga vera til hjelp og støtte. Kreftkoordinator ønsker å koma i kontakt med deg som har nyoppdaga kreft, og deg som har levd med sjukdommen lenge.

Kva er ein kreftkoordinator?

  • Ein kreftkoordinator er spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan kreftbehandling og sjukepleie til kreftpasientar. 
  • Kreftkoordinatoren har kompetanse innan lindrande behandling og smertelindring.
  • Kreftkoordinatoren har koordinerande funksjon og samarbeider med legane, fysioterapeutar, helsesjukepleiarar, psykisk helseteneste, barne- og familierettleiarar og prestane i Vindafjord kommune. Samt sjukehus, kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) og Kreftforeningen.
  • Kreftkoordinatorane har også eit nært samarbeid med heimesjukepleien og omsorgssentra i Vindafjord kommune.
  • Les meir i brosjyra om kreftkoordinator-tenesta. (PDF, 2 MB)

Slik søker du

Informasjon og søknadsskjema til helse- og omsorgstenester

Kontakt våre kreftkoordinatorar 

Kontakt kreftomsorga

  • Måndag - fredag klokka 08.00-15.30
  • Telefon Grete S. Sørhus:  måndag, tysdag, torsdag og fredag: 53 65 50 06
  • Telefon Unni N. Jamne: tysdag og onsdag: 53 65 59 08
  • Ta gjerne kontakt sjølv, eller be legen din, sjukehuset eller andre formidla kontakt.