Tryggleiksalarm

Kva er tryggleiksalarm?

  • Tryggleiksalarmen er ein sensor som for eksempel kan berast i eit smykke rundt halsen eller som ei klokke rundt håndleddet. 
  • Tryggleiksalarmen er knytt til eit responssenter som kontaktar pårørande eller heimetenesta.
  • Om alarmen går, vil personell rykka ut, uansett når på døgnet det er.

Kven kan få tilbodet?

Tryggleiksalarm er eit lågterskeltilbod som skal hjelpa dei som bur heime til å kjenna større tryggleik. 

Korleis fungerer tryggleiksalarmen?

Alarmen består av ein heimesentral med eigen sendar. Den har avgrensa rekkevidde som må testast i kvar heim.

Sendaren er i form av eit smykke eller armband med utløysarknapp. Signalet går frå heimesentralen til responssenteret som svarer på oppkallinga og kan kommunisera via høgtalar på heimesentralen.

Responssenteret vidareformidlar behov for hjelp til næraste hjelpeperson eller aktuell instans, enten heimesjukepleien eller alarmsentralen til nødnummera 110, 112 og 113.

Programmering, montering og opplæring til brukar er heimetenesta sitt ansvar. Dei kan også oppsøka brukar ved behov for hjelp. 

Kommunen har inngått leasingavtale med Telenor, noko som betyr at dei fleste som søker om alarm får tenesta innvilga. 

Det er brukaren sitt ansvar å

  • varsla via telefon når mogleg, og berre bruka alarm ved behov for akutt hjelp.
  • ha på deg alarmsmykket.
  • syta for straum til heimesentralen
  • erstatta tryggleiksalarmen ved tap eller øydelegging
  • varsla heimetenesta ved reiser og lengre fråvær eller flytting.
  • varsla heimetenesta dersom du ønsker p avslutta tenesta.
  • å tillata montering av nøkkelboks ved hovudinngang eller ytterdør, samt skaffa nøkkel som skal ligga i nøkkelboksen.
  • syta for framkommeleg veg og lys ved inngang. 

Eigenbetaling

Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.

Slik søker du helse- og omsorgstenester