Praktisk bistand

Kva tilbyr me?

Praktisk bistand er ei felles nemning for heimehjelptenester til dei som på grunn av alder, sjukdom, nedsett funksjonsevne eller anna treng hjelp til nødvendige daglege gjeremål. Det kan for eksempel vera:

  • hjelp til reinhald av bustaden
  • skifte av sengetøy
  • klesvask

Tenesta skal bidra til å gjera tenestemottakar i stand til å bu i eigen bustad trass i nedsett funksjonsevne.

Kven kan få tilbodet?

Dersom du sjølv ikkje meistrar dei daglege gjermåla og trenger hjelp til dette, kan du søka om hjelp. Målet er at du skal vera i stand til å bu heime lengst mogleg.

Du må ha eit særleg behov for praktisk bistand i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder for å motta hjelp.

Slik søker du helse- og omsorgstenester