Middagsutlevering

Kva tilbyr me?

  • Middag med dessert.
  • Frivillige som køyrer ut maten og leverer på døra.
  • Fellesmiddag på Vindafjordtunet for dei som bur i omsorgsbustad.

Middagsutlevering er eit lågterskeltilbod og krev ikkje søknad. Maten blir i hovudsak laga og levert frå kjøkkenet på Ølen omsorgssenter.

Middag skal vera eit bidrag til variert kosthold og førebygga feilernæring. Det er variert vekemeny med 2 fiskemåltid og utlevering 6 dagar i veka.

Kjøkkenet på Vindafjordtunet lagar og leverer maten til fellesmiddag på Vindafjordtunet tysdag, fredag, laurdag og søndag. Dette er eit tilbod til dei som bur i omsorgsbustadar.

Middag og dessert

Det er éin storleik på middagsporsjonane, og dessert høyrer med i prisen som er 160 kroner. Ein kan også bestilla og betala ekstra for havresuppe.

Bestilling og avbestilling

Du bestiller og avbestiller direkte hos kjøkkenet, telefon 53 65 60 05, innan klokka 09.00 same dag. Unntak er jul og nyttår. Endringar dei to siste vekene i året blir informert om innan 20. desember.

Om du treng hjelp til å bestilla eller avbestilla, kan heimetenesta hjelpa deg.

Utleveringa er på faste dagar, sjå under. Det mogeleg med ekstrabestilling, og du vel sjølv kva dagar du vil ha mat.

Utkøyring og ruter

Frivillige køyrer ut maten etter følgande ruter og dagar:

Sandeid, Vikedal og Imsland. Levering tysdag, torsdag og søndag. Bufellesskap får levering fredag med Skjold-sjåfør. Tilbod om kald middag til neste dag.

Ilsvåg, Nedre og Øvre Vats, Skjold, Vikebygd. Levering, måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag og søndag.

Denne ruta tar også med seg middag til omsorgsbustadar knytt til Vindafjordtunet alle dagar, og til bufellesskap fredag.

Omsorgsbustadar Ølen, Hauane, Seljebakken, Ølensvåg og Bjoa. Levering måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag og søndag.

Bjoa har per nå levering tysdag, torsdag og søndag, med tilbod om levering av kald middag til neste dag.