Omsorgsstønad

Kva tilbyr me?

  • Omsorgsstønad (tidlegare kalla omsorgsløn) kan bli gitt til personar som har særleg tyngande omsorgsarbeid. Omsorgsytar har likevel ikkje eit krav på omsorgsstønad. 
  • Omsorgsstønad tek ikkje sikte på å gi full løn for kvar time med omsorgsarbeid, og omsorg frå søkar må vera til det beste for den som tek imot hjelp.

Krav til søkar

  • Omsorgsmottakaren må vera busett i Vindafjord kommune når omsorga blir gitt.
  • Omsorgsarbeidet må vera særleg tyngande, og klart overstiga vanleg omsorg.
  • Det er ein føresetnad at søkaren utfører omsorgsarbeid som elles ville blitt utført av kommunen.
  • Brukaren må sjølv ha ønske om at den som søker skal hjelpa til.
  • Det er alltid ein føresetnad at det er søkt NAV om hjelpestønad.

Tildelingskriterier

Det er mange faktorar som skal leggast vekt på ved vurdering om omsorgsarbeidet er særleg tyngande:

  • Arbeider søkaren mange timar i månaden.
  • Er omsorga naudsynte helse- og omsorgstenester.
  • Er omsorgsarbeidet meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg arbeid.
  • Inneber omsorgsarbeidet mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen.
  • Skjer omsorgsarbeidet heile tida eller i periodar.
  • Er det forventa at omsorgsarbeidet skal vara over lang tid.
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid.
  • Har søkaren omsorg for meir enn ein person.
  • Har søkaren omsorgsplikt.

Avtale og lønn

Ved tildelt omsorgsstønad skal det skrivast ei avtale mellom kommunen og omsorgsytar. Omsorgsstønad er skattepliktig.

Ein blir ikkje lønna time for time, og det blir ikkje utbetalt feriepengar. Stønadssatsen følger minstelønn for ufaglært assistent.

Slik søker du helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen