Dagtilbod for eldre

Kva tilbyr me?

 

Kva er dagsenter?

Dagsenter er eit dagaktivitetstilbod med ulike aktivitetar som kan bidra til ein meiningsfull kvardag med sosialt samvær, meistring og tryggleik.

Mål for dagsenter

Målet for tenesta er å medverka til auka aktivitet og trivnad i kvardagen og hjelp til å oppretthalde eige funksjonsnivå, slik at eldre kan bu heime lengst mogleg.

Tenesta har fokus på å skapa gode opplevingar via sansane, gjennom ulike aktivitetar som song, musikk, matlaging, turar og sosialt fellesskap.

Kven kan søka?

Dersom du har trong for helse- og omsorgstenester, kan kommunen velja å tilby deg heile eller delar av den oppfølginga du treng i form av eit dagtilbod. Det kan for eksempel være at du har behov for tilsyn gjennom dagen eller hjelp til å laga og eta mat. Kommunen kan også velja å tilby deg eit dagtilbod dersom du har behov for å få delta i meiningsfulle aktivitetar.

Kva dagsenter har me?

  • Dagsenter for eldre heimebuande.
  • Dagsenter for personar med demenssjukdom eller anna kognitiv svikt. 

Dagsenter for eldre heimebuande

Dagsenteret for eldre gir tilbod til heimebuande eldre med funksjonssvikt som har behov for aktivitet og sosial deltaking utover eige nettverk.

Tilsette ved dagsenteret tilrettelegg og tilpassar aktivitet.

Det blir lagt vekt på brukar sine ønsker og mål for aktivitet  under opphaldet.

Kritierier

  • Behovet for dagplass blir vurdert med utgangspunkt i kartlagt funksjonsnivå.
  • Søkar må kunna meistra å vera i fellesskap med fleire.
  • Søkar må vera motivert for deltaking.

Dagsenter for personar med demens eller anna kognitiv svikt

Dagsenter for heimebuande personar med demens eller anna kognitiv svikt gir tilbod til dei som har behov for spesielt tilrettelagt aktivitet og sosial deltaking ut over eige nettverk.

Tilbodet tek utgangspunkt i vedkommande sine føresetnadar, behov og ønsker.

Tilbodet kan også gis som avlasting for pårørande.

Kritierier

  • Lite sosialt nettverk og mangel på aktivitetar i kvardagen.
  • Behov for avlastning for pårørande.
  • Søkar bør kunna meistra å vere i fellesskap med fleire og motivert for deltaking.
  • Søkar til dagsenter for personer med demens, må ha kognitiv svikt.

Tilhøve som ikkje gir rett til tenesta

  • Redusert funkjsonsnivå som krev tett personbistand
  • Låg fungering i felleskap med andre
  • Langvarig eller hyppig fråvær

Tenestenivå

Dagsentera er ope på vekedagar måndag - torsdag.

Tenestemottakar får transport til og frå dagsenteret.

Tenestemottakar får frukost og middag.

Eigenbetaling

  • Dagsenter for eldre har eigenandel for opphald, mat og transport.
  • Dagsenter som er gitt som avlastning er gratis.
  • Betalingssatsar vert vedteke årleg av kommunestyret.

Gebyrliste (tidlegare taksthefte)

Heimel

Dagsenter for eldre er ikkje ei direkte lovpålagt teneste.

Dagsenter for demente er lovpålagt.

Kommunen viser til Helse- og omsorgstenestelova §§ 4-1 og 3-1, 3-2, 3-3

Slik søker du helse- og omsorgstenester 

Kontaktinformasjon

Tenestekontoret
Telefon 53 65 60 50

Berit Ølfarnes: 53 65 60 50
Monica Stødle Velde: 53 65 60 47

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Trine Sørensen
Avdelingsleiar
Tenestekontoret
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 60 48