Kva er ein avlastar?
- Eining tilrettelagte tenester treng avlastningsfamiliar til familiar som har barn med spesielle behov og som står i ekstra krevjande omsorgsoppgåver.
- Ein avlastar vil ha omsorg for barnet i sin eigen heim i samsvar med den avtalen avlastar har med kommunen.
Kven kan bli avlastar?
Avlastar er ein familie som tek imot eitt barn om lag ei helg per månad.
Familien må ha ein stabil livssituasjon og kunna binda seg for minst eitt år.
Avlastningsfamilien må ha tid, overskot og sengeplass til eit ekstra barn. Familien bør ha evne til innleving og forståing for barn sine ulike behov og reaksjonar. I dei fleste samanhengar er det å oppleva ein trygg og føreseieleg familiesituasjon det barnet treng mest.
Avlastar må framvisa politiattest.
Det er også krav om ordinær politiattest for husstandsmedlemmer som er over 18 år. Politiattesten skal ikkje vera eldre enn tre månadar.
Arbeidstid og godgjersle
Avlastar får fast arbeidsavtale i kommunen og lønn og godtgjersle etter Kommunenes sentralforbund (KS) sine satsar.
Det er vanleg å vera avlastningsfamilie kvar 4. helg. Nokre barn kan ha behov for å vera ekstra dagar i avlastningsfamilien i feriar. Dette blir avklart i kvart enkelt tilfelle. Avlastar hentar barnet fredag ettermiddag og bringer det heim søndag ettermiddag.
Dersom det er behov for nødvendig utstyr for barnet, må ein vera i dialog med Eining tilrettelagte tenester for godkjenning før ein går til innkjøp.
Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar. Arbeidsgodtgjersle er skattepliktig.
Korleis bli avlastar?
Ring eller send mail til kontaktperson i eininga. Kontaktpersonen vil då kalla inn til samtale og heimebesøk.
Etter at gyldig politiattest er mottatt, blir det avtalt eit heimebesøk i den aktuelle familien.
Eininga er opptatt av at både kontaktperson og familien med behov skal godkjenne avlastar. Det er viktig for oss at familien kjenner at det er trygt å senda barnet sitt til avlastar.
Kontaktpersonen har også ansvar for rettleiing. Kontrakt blir skrive for eitt år om gongen.