Økonomi- og gjeldsrådgjeving

Om du har betalings- eller gjeldsproblem, bør du søka hjelp så tidleg som mogleg. Hos NAV kan du få råd og rettleiing om din privatøkonomi. Målet med rådgjevinga er at du skal bli i stand til å styra økonomien din sjølv.

Kva tilbyr me?

  • NAV Vindafjord-Etne tilbyr råd og rettleiing til personar med økonomiske problem.
  • Rådgjevinga vil variera i høve til kva behov du har.
  • Tilbodet er gratis.

Når bør du be om hjelp?

Du kan søka om økonomisk rådgjeving om du

  • opplever ein situasjon prega av mangel på økonomiske ressursar i høve til å dekke nødvendige behov.
  • får vanskar med å betala rekningane dine.
  • får problem med å betala tilbake gjelda di.

Du kan også få økonomisk rådgjeving i samband med søknad om økonomisk stønad til livsopphald.

Kva hjelp kan du få?

Du kan til dømes få hjelp til

  • Å laga ei oversikt over din økonomiske situasjon.
  • Å setta opp eit hushaldningsbudsjett.
  • Å finna ut korleis du kan få mindre utgifter (unngå økonomiske feilprioriteringar).
  • Gjera avtalar med dei du skuldar pengar.
  • Skriva søknad om utsetting av betaling.
  • Få opplysingar om rettar og plikter.
  • Få hjelp til å søka gjeldsordning om du har mykje gjeld det er umogleg å handtera.
  • Hjelp i kontakt med og oppfølging av aktuelle kreditorar.
  • Kontakt med lensmannen.

Hjelpa legg samarbeid til grunn. Som søkar må du legga fram dei opplysingane NAV treng.

Meir om økonomi- og gjeldsrådgjeving finn du her.

Økonomirådstelefonen

Ring 800GJELD (800 45 353) – økonomirådstelefonen i NAV. 

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33

Husk at det ikkje må sendast personsensitive opplysningar på e-post.

Opningstider
Måndag - fredag klokka 12.00-14.00 

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Rune Slotten
Rune Slotten
Teamleiar
NAV
E-post
Telefon 55 55 33 33
Profilbilde av Kristin Tofte
Kristin Tofte
Einingsleiar
NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33