Introduksjonsprogram, arbeid og praksis

Kan di bedrift tilby praksis eller arbeid til flyktningar? Mange busette flyktningar har behov for praksis for å læra norsk og for å få erfaring frå det norske arbeidslivet. I tillegg er det mange flyktningar som har med seg kompetanse og erfaring som dei ynskjer å bidra med i den lokale arbeidsmarknaden. 

Bilde av arbeidar som hoppar - Klikk for stort bilete jarmoluk@Pixabay

Vindafjord kommune og Etne kommune buset mange flyktningar som deltek i kommunen sitt introduksjonsprogram. Målet med introduksjonsprogrammet er å få busette flyktningar i arbeid og utdanning. For å lukkast med dette er det no eit stort behov for praksisplassar. Mange av flyktningane har med seg kompetanse og erfaring frå heimlandet som dei ynskjer å få bruka også i Noreg. 

Praksis betyr at deltakaren er under opplæring på ein ordinær arbeidsplass og mottar introduksjonsstønad, i staden for løn. Praksis kan vera eit tiltak i introduksjonsprogrammet på nokre få timar i veka til fleire dagar i veka.

Følgjande yrker og bransjar er det no ynskjeleg å få tak i praksisplassar innan:

  • Kontor
  • Markedsføring
  • Kroppsøving skule
  • Rørlegger
  • Transport
  • Journalistikk
  • Logistikk
  • Rekneskap
  • Kranførar
  • Butikk
  • Velvære
  • Reinhald
  • Undervisning
  • Elektro
  • Barnehage
  • Blomsterbutikk
  • Tømrar
  • Matlaging
  • Omsorgssenter
  • Apotek
  • Bilverkstad
  • Treningsstudio

 

Føremålet med praksis

Føremålet med praksis kan variera etter deltakars behov, mål og plan. Føremålet med praksis kan for eksempel vera:

  •  Å praktisera norsk i autentiske arbeidssituasjonar.
  • Å kopla teoretisk kunnskap og praksis innanfor eit yrke/fag.
  • Å styrka grunnleggande ferdigheiter.
  • Å få kartlagt kompetanse og avklart vidare kvalifiseringsbehov.
  • «Jobbsmak»; kort praksis som gir deltakaren innblikk i ein bransje eller eit yrke.
  • Å visa fram sin kompetanse for ein arbeidsgjevar og få ordinær jobb.
  •  Å vidareutvikla sine norskferdigheiter opp til eit gitt nivå for å bli tilsett hos ein aktuell arbeidsgivar.
  • Å få arbeidserfaring og ein referanse.
  • Å styrka nettverk og kulturell kompetanse.
  • Å tileigna seg kunnskap om arbeidslivet.

Arbeid

Dersom ein arbeidsplass kan tilby ordinært arbeid, anten som midlertidig eller fast arbeid, kan deltakaren takke ja til dette. Introduksjonsprogrammet kan gjennomførast på deltid eller det kan bli gitt midlertidig stans. Under ordinært arbeid skal deltakeren motta løn på lik linje med andre tilsette på arbeidsplassen.

Dersom din arbeidsplass er på utkikk etter fleire tilsette og er interessert i å tilsette personar med flyktningbakgrunn kan du ta kontakt med integreringstenesta. 

Du kan lesa meir om flyktningar og arbeid her

 

Hurtigsporet

Hurtigsporet er eit løp for deltakarar i introduksjonsprogrammet som kan komma seg raskt ut i arbeid. Hurtigsporet skal legga til rette for at den einskilde deltakar skal bruke arbeidslivet som læringsarena. Elementet er aktuelt for deltakarar som allereie har relevant arbeidserfaring og kompetanse. Integreringstenesta vil gjerne komma i kontakt med bedrifter som vil ta inn deltakarar i dette.

Du kan lesa meir om hurtigsporet på IMDi.no

NAV

Flyktningar som ikkje deltek i introduksjonsprogrammet eller som har fullført introduksjonsprogrammet har rett på oppfølging frå NAV. Nokre av verkemidla til NAV kan også nyttast medan deltakarar framleis er i introduksjonsprogrammet. Ta gjerne kontakt med oss dersom di bedrift ynskjer å bidra med inkludering gjennom NAV for å få fleire i jobb.

 Du kan lesa meir om inkludering gjennom NAV her

 

 

Kontaktpersonar i integreringstenesta for introduksjonsprogrammet:

Ashraf Sabbagh
Telefon: 412 88 590 
E-post: ashraf.fawaz.sabbagh@nav.no

Tom Tønnesen
Telefon: 940 33 487 
E-post: tom.hove.tonnesen@nav.no