Integreringstenesta

Integreringstenesta er organisert som ein del av NAV Vindafjord-Etne. Vindafjord og Etne busett flyktningar etter avtale med IMDI (Integrerings og mangfoldsdirektoratet) og etter vedtak frå kommunestyret.

Nybusette flyktningar og deira familiesameinte som har behov for grunnleggande kvalifisering, deltek i introduksjonsprogrammet. Målet er at dei skal læra seg norsk og koma raskt ut i arbeid eller utdanning.

Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) og Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) set føringar for korleis kommunen skal gjennomføra introduksjonsprogrammet.

Arbeidet med flyktningar er styrt av handlingsplan for busetting og integrering av flyktningar i Vindafjord kommune 2020-2023.

Temaside om krigen i Ukraina

Inkludering av innvandrarar

Kontakt

Avdelingsleiar: Miriam Aareskjold
Mobil: 41 28 77 22
E-post: miriam.aareskjold@nav.no

Programrådgivar: Tom Hove Tønnesen
Mobil: 94 03 34 87
E-post: tom.hove.tonnesen@nav.no 

Programrådgivar: Ashraf Fawaz Sabbagh
Mobil: 41 28 85 90
E-post: ashraf.fawaz.sabbagh@nav.no 

Programrådgivar: Merete Velde
Mobil: 91 99 87 31
E-post: merete.velde@nav.no 

Miljøarbeidar: Katarina Bødtker Heggebø
Mobil: 90 96 34 27
E-post: katarina.bodtker.heggebo@nav.no 

Miljøarbeidar: Trude Enge
Mobil: 94 15 03 83
E-post: trude.enge@nav.no 

Miljøarbeidar og helsekontakt: Miriam Simlenes
Mobil: 48 13 29 54
E-post: miriam.simlenes@nav.no 

Familiekontakt: Marita Husabø Kvigne
Mobil: 47 47 30 28
E-post: marita.husabo.kvigne@nav.no 

Familiekontakt: Anny Alvseike
Mobil: 48 22 78 54
E-post: anny.alvseike@nav.no 

Vil du bidra til integrering og inkludering?

Det er ulike måtar å bidra på. Her er tre viktige område, men ta gjerne kontakt om du har andre idear.

Fritid

Vindafjord frivilligsentral har ulike prosjekt som du kan vera med på. Sjekk gjerne ut frivillig.no for konkrete oppdrag.

Biblioteket på Sjøperlo har språktreff kvar torsdag.

Ulike frivillige lag og organisasjonar har også ulike tilbod og arrangement med fokus på inkludering.

Ta gjerne kontakt med integreringstenesta om du har andre idéar!

Introduksjonsprogram, arbeid og praksis

Kan di bedrift tilby praksis? Mange busette flyktningar har behov for praksis både for å læra norsk og for å få erfaring frå det norske arbeidslivet.

Les meir om arbeid og praksis her

Bustad

Integreringstenesta gjer klar bustadar til flyktningane som skal busettast i kommunen. Det vil variera kvar me har behov for bustadar.

Uavhengig av stad er det viktig med bustadar som er i nærleiken av kollektivtransport, skule, barnehage og matbutikk. 

Ta kontakt med Trude Enge på 94 15 03 83 eller trude.enge@nav.no dersom du har ein bustad du ønskjer å melda ledig. 

Meld frå til kommunen dersom du har ein ledig bustad. 

Retningslinjer for utleige av bustad

Vaksenopplæring

Integreringstenesta samarbeider tett med vaksenopplæringa i Vindafjord om introduksjonsprogrammet. Det er vaksenopplæringa som har ansvar for norskkurs for innvandrarar og flyktningar. 

Les om vaksenopplæringa her

 

Handlingsplan

Handlingsplan for busetting, integrering og kvalifisering av flyktningar i Vindafjord kommune 2024-2027 (PDF, 591 kB)

Kontaktinformasjon

NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33

Husk at det ikkje må sendast personsensitive opplysningar på e-post.

Opningstider
Måndag - fredag klokka 12.00-14.00 

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Miriam Aareskjold
Miriam Aareskjold
Avdelingsleiar
Integreringstenesta
E-post
Mobil 41 28 77 22
Profilbilde av Kristin Tofte
Kristin Tofte
Einingsleiar
NAV Vindafjord-Etne
E-post
Telefon 55 55 33 33