Registrering
Nyankomne flyktningar som kjem rett til Vindafjord må melda seg for registrering på Nasjonalt ankomstsenter i Råde. Adresse: Mosseveien 58, 1640 Råde. Oppdatert informasjon vil alltid ligge på UDI sine nettsider.
Ukrainske flyktningar må ta kontakt med Vindafjord kommune dersom dei har planar om å bli buande i kommunen. Helsestasjon må kontaktast på telefonnummer 99 52 99 06 for helsesjekk og tuberkuloseundersøking. Integreringstenesta må kontaktast på 41 28 77 22 for avtale om busetting og vidare oppfølging.
Privat bustad
Ikkje alle flyktningar blir busett ved at IMDi tildeler kommune. Flyktningar kan sjølv finne bustad i Vindafjord og bli busett som flyktningar. Integreringstenesta må godkjenne bustaden og den som ynskjer busetting må senda inn søknad til IMDi.
Busetting av flyktningar som finn bustad på eigahand
Registrering hos IMDi for privatbuande
Ta kontakt med integreringstenesta
Når du har fått opphaldsløyve frå UDI og har ein stad å bu, kan du ta kontakt med integreringstenesta for at kommunen og IMDi skal laga avtale om sjølvbusetting.
Du må oppgi DUF-nummeret ditt og levera husleigekontrakt til integreringstenesta ved NAV Vindafjord-Etne.
Lever i servicetorget på rådhuset eller send som brev til Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.
Du kan og ta kontakt med Miriam Aareskjold på mobil 41 28 77 22 eller send e-post til miriam.aareskjold@nav.no.