Har du bustad til flyktningar?

Vindafjord kommune og Etne kommune skal ta i mot nye flyktningar og har jamleg behov for utleigebustadar. 

karishea@Pixabay

Flyktningane kjem frå både Ukraina og andre land. Det er i hovudsak behov for bustadar med eitt til tre soverom. Det er ynskjeleg med bustadar som er i gåavstand til skule/barnehage og butikk. 

Vindafjord kommune: Bustadar i alle bygder utanom Ølen blir vurdert.  Det er ikkje behov for fleire bustadar før til hausten 2025.

Etne kommune: Bustadar i Skånevik blir vurdert fortløpande.

Dersom du har ein bustad som kan leigast ut er det fint om du sender ein e-post til trude.enge@nav.no. Du kan og ringa 94 15 03 83

Me ønsker at e-posten inneheld følgande informasjon: 

  • Namn, telefonnummer og e-post til huseigar
  • Adressa til utleigebustad
  • Tal på soverom
  • Møblert, delvis møblert eller umøblert
  • Varmekjelder i bustaden
  • Tidspunktet det er ledig frå
  • Pris, med eller utan straum
  • Internettilgang
  • Avstand til næraste busstopp
  • Avstand til daglegvarebutikk
  • Avstand til barnehage og skule
  • Er bustaden eigna for barnefamiliar?
  • Er bustaden tilrettelagt for rørslehemma?
  • Er det tillatt med kjæledyr?
  • Dokumentasjon på at bustaden er godkjent som ei sjølvstendig bueining for heilårsbruk

 

Retningslinjer for utleige av bustadar til flyktningar