Flyktningar frå Ukraina

Fleire millionar menneske har flykta frå Ukraina etter at Russland invaderte landet. Norske kommunar er bedne om å busetta til saman 38.000 flyktningar i 2023. Vindafjord kommune er bedt om å ta imot 90 av desse.

 

SamuelFrancisJohnson@Pixabay

Busetting av flyktningar

Norske kommunar får fortløpande informasjon frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi). Behovet for busetting av flyktningar er stort, og situasjonen vil kunna endra seg raskt, og frå dag til dag. Les meir om busetting av ukrainske flyktningar på IMDi sine heimesider

Informasjon om flyktningsituasjonen for myndigheiter, frivillige og samfunnsaktørar

Statistikk frå UDI om Ukrainasituasjonen

Kven gjer kva?

Det er mange offentlege instansar som må samarbeida for at flyktningsituasjonen skal kunna handterast, og at flyktningane frå Ukraina skal vera trygge:

  • Politiet registrerer søknadar om asyl. Det vil gje den enkelte person rett til norskopplæring og introduksjonsprogram, og kommunane vil få rett til integreringstilskot.

Søknad om asyl utløyser også utvida rettar i forhold til helse- og sosialtenester. Informasjon om å søka vern (asyl) eller opphald

  • Utlendingsdirektoratet (UDI) gir beskyttelse og sørger for innkvartering i ulike mottakssenter. 27 EU-land er samde om å innføra midlertidig kollektivt vern for den ukrainske befolkninga. Ei slik ordning betyr at ukrainske statsborgarar får midlertidig opphald i inntil eitt år, utan individuell vurdering. Slik søker du om kollektivt vern
  • Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) koordinerer busettings– og integreringsarbeidet.
  • Kommunane gir tenester til dei som bur i mottak/akuttinnkvartering, og busetter og integrerer flyktningar etter avtale med IMDi. Kommunale tenester til flyktningar som er innvilga opphald omfattar blant anna helse, skule/barnehage, introduksjonsprogram, vaksenopplæring og støtte til livsopphald (sosialhjelp).