Nyankomne flyktningar som kjem rett til Vindafjord må melda seg for registrering på Nasjonalt ankomstsenter i Råde. Adresse: Mosseveien 58, 1640 Råde. Oppdatert informasjon vil alltid ligge på UDI sine nettsider.
Ukrainske flyktningar må ta kontakt med Vindafjord kommune dersom dei har planar om å bli buande i kommunen. Smittevernkontoret må kontaktast på telefonnummer 91 30 38 42 for helsesjekk og tuberkuloseundersøking. Integreringstenesta må kontaktast på 41 28 77 22 for avtale om busetting og vidare oppfølging.
Har du spørsmål om flyktningsituasjonen, tilbodet i kommunen, eller ønsker du å bidra? Kontakt integreringstenesta på telefonnummer 41 28 77 22 eller send ein e-post til miriam.aareskjold@nav.no.
Ofte stilte spørsmål (PDF, 162 kB)
Informasjon til flyktningar frå Ukraina (lenke til Facebook)
Informasjon til flyktningar frå norske myndigheiter (Ny i Norge)