MabelAmber, Pixabay
Har du kjent på følelsen av å ikkje strekka til? Minstebarnet gret, og du forstår ikkje kvifor. Treåringen vrir seg misfornøgd på golvet, og du lurer på om du skal gi nærleik, gi etter eller setta grenser. Du er ikkje aleine om å vera usikker. Kva er det eigentleg barnet vil fortelja?
Vindafjord kommune vil legga til rette for at du som forelder skal føla deg trygg. Våre kurshaldarar tilbyr kurs til deg som er førstegongsforelder.
Prosjekt «Trygge foreldre på Haugalandet»
Vindafjord kommune deltek i prosjektet «Trygge foreldre på Haugalandet». Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr førstegongsforeldre kurs i programmet Circle of Security-Parenting (COS-P). På norsk kallar me kurset for Tryggleikssirkelen. Kurshalderane er godkjente COS-P-rettleiarar.
Nettlenke til informasjon om prosjektet "Trygge foreldre på Haugalandet"
Målgruppe
Førstegongsforeldre busett i Vindafjord kommune med barn under skulealder.
Om kurset
Circle of Security-Parenting (COS-P) er eit foreldrerettleiingsprogram basert på 50 års forsking innan tilknytingsteori. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt, for å delta.
Føremålet med kurset er å gjera foreldre meir bevisst på å sjå, tolka og møta barnet sitt behov og bli bevisst eigne haldningar, følelsar og handlingar i samspelet med barnet ditt.
Kurset er delt opp i kapittel. Me nyttar filmklipp av andre foreldre og barn som utgangspunkt for dagens tema, reflekterer i gruppa og gir rettleiing. Barn er ikkje med på kursa.
Tidspunkt og påmelding
Kurs på kveldstid, 17.00 - 19.00, på Skjold skule, kurset er gratis
Kurshaldararar er:
- Familierettleiar Elin Gravelsæter
- Helsesjukepleiar Jane Austrheim.
Påmelding eller spørsmål til kurset kan sendast til Elin Gravelsæter (elin.gravelseter@vindafjord.kommune.no , tlf 404 31 637)
Kurset går over 8 gonger, torsdagar kl. 17.00 - 19.00:
- Torsdag 30 januar
- Torsdag 6 februar
- Torsdag 13 februar
- Torsdag 20 februar
- (torsdag 27 feb utgår pga vinterferie)
- Torsdag 6 mars
- Torsdag 13 mars
- Torsdag 20 mars
- Torsdag 27 mars