Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom har ope kvar tysdag klokka 14.30-17.00. Du finn oss på helstasjonen på rådhuset i Ølen.

Kva tilbyr me?

  • Samtale med lege eller helsesjukepleiar om psykisk, fysisk, sosial og seksuell helse.
  • Råd om lettare psykiske vanskar. Ved behov for tettare oppfølging blir du vist vidare.
  • Råd om blant anna søvn, fysisk aktivitet og kosthald. Ved behov blir du vist vidare til fastlege, fysioterapeut eller andre.
  • Råd angåande sosiale medier, familie og venner.
  • Rettleiing til nytilflytta, også flyktningar og andre innvandrarar.
  • Samlivs- og prevensjonsrettleiing for ungdom under 23 år

Kven kan få tilbodet?

  • Helsestasjon for ungdom er eit lågterskeltilbod for ungdom mellom 13 og 23 år.
  • Du treng ikkje å vera busett i Vindafjord.
  • Du treng heller ikkje å bestilla time. Det er berre å møta opp tysdagar mellom 14.30 og 17.00.

Korleis går du fram?

Møt opp på Rådhuset i Ølen, tysdagar 14.30 - 17.00. Når du kjem, treff du lege og helsesjukepleiar.

  • Fast lege på helsestasjon for ungdom er Elin H. Vågen.
  • Helsesjukepleiar rullerer.
  • Du kan bestilla time på tlf. 53 65 55 60

Helsestasjon for ungdom er kjønns- og legningsnøytral. Her blir du møtt med eit legningsnøytralt språk i all formidling og kommunikasjon.

Følg oss gjerne på Facebook

Litt om prevensjonsrettleing

Kva kan du få hjelp til?

  • Mogelegheit for å få sett inn langtidsverkande prevensjon som spiral og p-stav.
  • Resept på p-pillar og gratis kondomar.
  • Testing for seksuelt overførbare sjukdomar.
  • Råd om rus, vald og overgrep.

Tilbodet er gratis, men erstattar ikkje fastlegeoppgåver.

Ved akutt hjelp er det framleis legevakt 116 116 og AMK 113 som gjeld.

Er det andre ting du lurar på?

I vår kommune finst det fleire å snakka med om bekymringar, tankar, kjensler og trivsel. Med andre ord skal du alltid finna nokon å snakka med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien.

Finn ut meir på vindafjord.betreinnsats.no.

Fleire alternativ til å få hjelp

Dersom du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig å snakka med nokon du stolar på. Læraren er tilgjengeleg for deg. Det finst også andre alternativ for deg som treng nokon å snakka eller chatta med. Me har samla nokre av dei her:

 

Alarmtelefonen for barn og unge

Alarmtelefonen er eit nødnummer for deg som blir utsett for vald eller overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringa dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111, og du kan ringa heile døgnet nå i samband med koronasituasjonen.

BaRsnakk

BaRsnakk er eit chattetilbod til deg som har foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open måndag til onsdag 17.00–20.00, og du kan skriva anonymt om det som opptek deg. Tilbodet blir drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukere.

Kors på halsen

Kors på halsen er eit tilbod til deg som er under 18 år, og er bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velga om du vil ringa, chatta eller senda e-post. Du kan ringa 800 333 21 måndag til fredag 14.00–22.00. Du kan også snakka med andre på din eigen alder på forumet.

SnakkOmPsyken.no

Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9 og 19 år. Her kan du chatta om vanskelege tankar og kjensler. Opningstidene er måndag til torsdag 09.00–21.00, fredag 09.00–15.00 og søndag 15.00–21.00.

UngPrat.no

Ungprat.no er ei samtaleteneste for barn og unge mellom 13 og 24 år som treng nokon å prata med. Opningstidene er søndag til fredag 09.00–21.00.

UngePårørende.no

UngePårørende.no er eit landsdekkande tilbod for barn og unge frå 7-18 år som er pårørande.

Retningslinjer helsestasjon for ungdom

Kontaktinformasjon

Helsestasjon for ungdom

Besøksadresse
Helsestasjonen på rådhuset i Ølen
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid
Kvar tysdag klokka 14.30 - 17.00.
Du treng ikkje å bestilla time, det er berre å møta opp.

Kontakt
Telefon HFU: 53 65 55 60
Fagansvarleg HFU: Hilde Bjerkreim
Lege: Elin H. Vågen