Ved større snøfall eller store temperaturendringar som medfører glatte vegar, ber me om forståelse for at det i periodar kan vera vanskelege kjøreforhold.
Prioriteringar for brøyting og strøing er slik i hovudtrekk:
- Generelt sett er veg til brannstasjonar, ambulanse, legevakt og rådhus prioritert høgast.
- Deretter kjem hovudvegar og busstrasear, vegar til sjukeheimar og døgnbusette institusjonar, vegar til skular og barnehagar (dagar desse er opne) og skulevegar.
- Til slutt kjem vanlege vegar i bustadområde, parkeringsplassar, vegar til andre kommunale bygg og liknande.
- Turvegar blir ikkje brøyta.
Snø som blir liggjande igjen i private avkøyringar etter brøytebil eller traktor må ein sjølv rydda vekk.
Når det har slutta å snø, er det aktuelt å strø dersom det er glatt. Generelt sett blir det strødd i svingar og bakkar.
Under ekstremt glatte forhold er det aktuelt å strø heile vegen. Kommunen nyttar sand til å strø med.
Det er Rogaland fylkeskommune som driftar fylkesvegane. Der er det drift og vedlikehald som skal ha beskjed.
Er det hendingar, dårleg bøyting eller glatte vegar, ring Vegsentralen 175. Dei kan iverksetta mannskap raskt.
Her er komplett liste over fylkesvegar i Vindafjord:
- Saudavegen, Fv 46
- Sandeidvegen, Fv 514
- Bjoavegen, Fv 543
- Tørsdalsvegen, Fv 4740
- Raunesvegen til AF sitt opphoggingsanlegg på Raunes, Fv 4742
- Stokkastrandsvegen fram til krysset med Stokkadalsvegen, Fv 4744
- Blikravegen, Fv 4746
- Dalavikvegen, Fv 4734
- Dreganesvegen til Hamre, Fv 4760
- Helgelandsvegen, Fv 4748
- Haukakvamsvegen, Fv 4750
- Movegen til Ørnes bru, Fv 4752
- Movegen frå Ørnes bru, Fv 4754
- Fjellgardsvegen, Fv 4752
- Eikelandsvegen, Fv 4756
- Ølmedalsvegen, Fv 4758
- Vikevegen, Fv 4736
- Solheimsvegen, Fv 513
- Haraldseidvågen, Fv 4738
Det er Statens vegvesen som har ansvaret for vintervedlikehaldet på E 134.
Meir om drift og vedlikehald finn du her.
Er det hendingar, dårleg bøyting eller glatte vegar, ring Vegsentralen 175. Dei kan iverksetta mannskap raskt.
Når våren kjem, og det ikkje lenger er fare for frost, blir vegar og fortau feia for strøsand. Dette blir gjort i god tid før 17. mai.
Arbeidet blir utført på kommunale vegar. I tillegg til arbeid på vanleg dagtid, kan det også bli feia utanom vanleg arbeidstid og i helgar.