Kopla til offentleg leidningsnett

  • Når du skal kopla deg til offentleg vatn og avløp må du ha godkjenning frå kommunen.
  • Dette gjeld både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal koplast til.
  • Du må få ein godkjent røyrleggar eller entreprenør til å senda søknaden.  

​Kven skal senda inn søknaden?

Heimelshavar for eigedommen, utbyggar eller representant for denne, sender inn søknaden.

Berre godkjent røyrleggarfirma eller entreprenør kan melda inn arbeid via røyrleggarmelding.

Røyrleggarmeldinga skal sendast inn som ein eigen, separat søknad. Når meldinga er godkjent, skal den leggast ved byggesøknaden når den blir send til kommunen. 

Slik søker du 

Fyll ut skjema og send det til teknisk@vindafjord.kommune.no

Melding om røyrleggararbeid  (røyrleggarmelding)

Søknad om tilkopling til kommunalt vatn og avløp

Vedlegg

  • Situasjonskart, som viser
    • plassering av bygningar, som skal tilkoplast, på eigedommen.
    • planlagt tilkoplingspunkt for vatn
    • planlagt tilkoplingspunkt for kloakk og overvatn
    • alle vass- og avløpsleidningar på eigedommen

Ferdigmelding 

Når tilkopling er utført, skal ansvarleg føretak levera inn teikning og kart som viser lagde leidningar, kummar, stoppekranar, avgreiningar, vinkelendringar og andre installasjonar i X,Y og Z-koordinatar.

Dokumentasjon skal sendast til teknisk@vindafjord.kommune før ferdigmelding av nye bygg blir godkjent.

Kva kostar det?

Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp (PDF, 402 kB)

Hovdudplan for vassforsyning (PDF, 35 MB)

Hovudplan for avløp (PDF, 2 MB)

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Hildbjørg Fludal
Hildbjørg Fludal
Ingeniør
VAR Område
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 61 03
Mobil 99 23 55 50