Gebyr for vatn og avløp

Alle bustadhus og fritidshus med innlagt vatn må betala for avløp ut.

Ny vassforskrift "Forskrift om vass- og avløpsgebyr for Vindafjord kommune" blir gjeldande frå 01.01.2024.

I tettbygde strøk der det er utbygt offentleg leidningsnett, får huseigar faktura for abonnementsgebyr for kloakk, og for forbruk. Som før er hovudregel at avløpsmengda vert rekna lik vassmengda. 

Fram til 31.12.2023 betalar bustader utan vassmålar eit stipulert forbruk på 175m3 og fritidsbustadar 105m3.

Frå 01.01.2024 går Vindafjord kommune over til arealberekningsmetoden. Sjå §1-6 i forskrift.

Det er bruksarealet (BRA) rekna etter NS 3940 som dannar grunnlaget for gebyr.
Garasjar, uthus, anneks, utvendige buer og naust vert ikkje medrekna som bruksareal for bustad- og kombinasjonseigedom .

For større bustader, der det bur få personar kan det svara seg å installere vassmålar.

Vassmålar og vassmålarstand 

Forskrift om vass- og avlaupsgebyr

Gebyrliste Vindafjord kommune

Dei som ikkje er knytt til kommunalt nett får tilsynsgebyr for privat avløpsanlegg frå kommunen. I tillegg får dei faktura for tømming av slamavskillar og slamtank frå Haugaland interkommunale miljøverk, HIM.

Er det ikkje med eit av desse gebyra for offentleg kloakk eller tilsyn av privat anlegg, må huseigar ta kontakt med kommunen.

Merk at det også skal betalast ekstra for kjellarleilegheit eller garasjeloftleilegheit, både for vatn og avløp.

Abonnentar i Ølen, Ølensvåg og Bjoa har ikkje kommunalt vatn frå Vindafjord kommune. Dei er kundar hjå Ølen vassverk, evt. Bjoa vassverk, og må ta kontakt med dei.
Ølen vassverk  - vakttelefon:  53 76 69 90 
Bjoa vassverk er drifta av Ølen vassverk.