Samanslåing av matrikkeleiningar (eigedommar)

  • Fleire eigedommar som ligg i same kommune og har same heimelshaver, kan bli samanslått til ein eigedom, jamfør matrikkellova § 18 og pbl. § 21-4.
  • Matrikkellova
  • Plan- og bygningslova
  • Samanslåing kan ikkje tinglysast dersom dette fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Ved samanslåing blir panteretten utvida til heile eigedommen.

Kven kan be om samanslåing?

Samanslåing kan krevast av den som har grunnboksheimel til eigedommane.

Søknadskjema for sammenslåing

Saksgang

  • Kommunen kontrollerer at vilkåra for sammenslåing er oppfylt.
  • Dersom vilkåra ikkje er oppfylt, blir kravet sendt i retur til rekvirent med orientering om kva som må gjerast.
  • Festetomter kan bli samanslått dersom dei ligg på same grunneigedom.
  • Samanslåing av festetomter kan krevast av heimelshavar eller festar.
  • Samanslåing av festetomter kan berre skje dersom festekontraktane for eigedommane er like.
  • For sammenslåing av eigarseksjoner viser me til informasjon om seksjonering og reseksjonering.

Kva kostar det?

Det er ikkje gebyr på sammenslåing av eigedommar.

Meir informasjon

Les meir om sammenslåing av eigedommar på Statens kartverk sine nettsider.

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Venke Helgesen
Venke Helgesen
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 85 82 13
Mobil 90 85 82 13
Profilbilde av Marianne Stople Rørtveit
Marianne Stople Rørtveit
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 80 92 26
Mobil 90 80 92 26
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80