Slik søker du

Før du startar på dei åtte stega frå idé til ferdig søknad, bør du bestemma deg for kor omfattande byggeprosjektet ditt skal vera.

 

Direktoratet for byggkvalitet

 

1. Sjekk planar og reglar 

Før du startar å bygga må du sjekka kva planar og reglar som gjeld for eigedomen din. Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygga. 

Planar og reglar for din eigedom finn du i kommunekart  

2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal bygga

Et situasjonskart er ei kartutsnitt av eigedomen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit kart for å teikna inn kva du skal bygga. Bruk målestokk 1:500 eller 1:1000, og set inn avstand til eigedomsgrense og nærliggande bygg. Kartet må vera identifisert med dato.

Meir om situasjonskart 

3. Bestill naboliste

Når du har samla alle dokument du treng i byggesøknaden din, må du varsla naboar. Bestill naboliste på postmottak@vindafjord.kommune.no.

4. Send ut nabovarsel ut frå mottatt naboliste

Du kan gjera dette manuelt eller digitalt

5. Send inn søknad

Fyll ut alle felt i søknadsskjemaet. Sørg for at du legg ved alle dokument og vedlegg som kan vera relevant for byggesøknaden din.

Digitale tenester for byggesøknad (privat person)

Digitale tenester for byggesøknad (fagperson) 

Dersom du ikkje ønsker å senda søknaden digitalt, send søknadsskjema til postmottak@vindafjord.kommune.no 

Vedlegg

  • Teikningar som er fagmessig utført
  • Situasjonskart
  • Gjennomføringsplan 
  • Du treng ikkje legga ved:
    • Samsvarserklæringar og kontrollerklæringar 
    • Avfallsplan

Røyrleggarmelding

Røyrleggarmelding skal sendast inn saman med byggesøknaden. Røyrleggarmeldinga skal inn saman med 1. trinns søknad og ved søknad om igangsetting i ein rammesøknad.

Meir om røyrleggarmelding 

Dispensasjon

Dersom du treng dispensasjon eller anna løyve er det fleire krav til søknaden.

Meir om dispensasjon

Avkøyring eller bygga langs offentleg veg

Om det er nødvendig å få godkjent avkøyring frå offentleg veg, må dette vera avklart og godkjent før du søker. Godkjenning må ligga ved byggesøknaden. Send søknad om avkøyring her.

Planlegg du å setta opp ein bygning langs vegen må du søka om løyve. Send søknad om dispensasjon frå byggegrenser her.

Kva kostar det?

Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.

Kva tid får eg svar på søknaden?

Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er vanlegvis 3 veker. For byggesaker med dispensasjon er behandlingstida 12 veker. Uttalefrist på 4 veker kjem i tillegg.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Jonny Hetleflåt
Jonny Hetleflåt
Rådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 61 32 90
Mobil 90 61 32 90
Profilbilde av Aage Vee
Aage Vee
Rådgiver
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 58 73 57
Mobil 90 58 73 57
Kamilla Ness Mannes
Rådgiver
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 78 05 16
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80