Situasjonskart

Situasjonskart inneheld opplysingar om eigedommen sine grenser, areal, høgdekvoter og gards- og bruksnummer.

Nokre kommunar gir også opplysningar om offentlege leidningar for vatn og avløp, reguleringssituasjonen med byggelinjer, frisiktslinjer og senterlinjer i regulert veg.

Det blir ofte lagt ved naboliste som viser kven som har heimel (eigarane) til naboeigedommane.
For å få ut naboopplysningar må det fyllast ut registreringsskjema for matrikkelopplysningar. Matrikkellova §30.

Når er det behov for situasjonskart?

  • Ved byggesaker som er søknadspliktige. 
  • Ved søknad om deling av eigedom. Ved utsleppssaker som er søknadspliktige.

Kvar får eg tak i situasjonskart?

  • Du kan bestilla situasjonskart og naboliste ved førespurnad til den kommunen der eigedommen ligg.
  • Du kan ikkje utan vidare bruka kart som er henta frå internett.

Andre kartunderlag og vedlegg

  • Kart over leidningar for offentleg vatn og avløp bør ligga føre.
  • Reguleringskart elle «bebyggelsesplan» bør ligga føre. Reguleringskart bør visa byggelinjer, regulert gjerdelinje og siktlinjer. Pass på å få med reguleringsføresegner.

Dette må du sjølv få teikna inn på situasjonskartet

Ved byggesak:

Ved delingssøknad:

  • Forslag til ny delelinje (grenselinje). Delelinja skal i utgangspunktet ikkje vera lagt nærare eksisterande eller framtidig bygg enn 4 meter. Blir grensa lagt nærare, blir det sett krav om skriftleg erklæring frå nabo om redusert avstand til nabogrense. 
  • Plassering av hus, garasje og oppstillingsplass for bil må vera vist både på ny og på eksisterande tomt. 
  • Alle bustadtomter (nye og eksisterande) må vera sikra veg, vatn og avløp. 
  • Situasjonsplanen til delingssøknaden må visa korleis desse forholda er tenkt løyst.

Når du har teikna tiltaket inn på situasjonskartet, blir det ein situasjonsplan.

OBS 1: Skjulte objekt i grunnen

I nokre høve kan det vera nødvendig å avdekka kor det ligg offentlege leidningar for vatn og avløp og reguleringssituasjonen med byggelinjer, gjerdelinjer, frisiktslinjer og senterlinjer i regulert veg.
Dette kan ha konsekvenser for plassering av tiltaket.

OBS 2: Plassering

Som nemnt før: det er du som tiltakshavar som har ansvar for at tiltaket blir plassert rett i terrenget.
Når du sjølv skal plassere eit tiltak i terrenget, slik at det vert i samsvar med situasjonsplanen og i samsvar med løyve frå kommunen, må du lese her.