Om SLT

SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. SLT skal sikra at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og politiet, blir meir samkøyrte og målretta.

 

SLT logo - Klikk for stort bilete

SLT-modellen

SLT-modellen er utvikla for å koordinera kunnskap, kompetanse og ressursar mellom politiet og dei kommunale einingane som tar kriminalitetsførebyggande omsyn. Det inkluderer også to andre viktige delar av lokalsamfunnet: næringslivet og dei frivillige organisasjonane.

SLT-arbeidet i Vindafjord fokuserer på desse spørsmåla:

  • Kva er dei største utfordringane for unge menneske i vår kommune?
  • Kven av dei er spesielt utsett for å havna i enno større vanskar?
  • Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistra livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

 

Korleis er SLT-arbeidet organisert?

SLT-arbeidet er koordinert saman med arbeid knytt til BTI- og folkehelsearbeid i kommunen. Politikontakten er også involvert. 

Handlingsplanar

Handlingsplan SLT Vindafjord 2024-2027 (PDF, 381 kB)

Handlingsplan førebygging av radikalisering og valdelig ekstremisme (revidert des 2023) (PDF, 768 kB)

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Pål Askvig
Pål Askvig
IKT - og utviklingsrettleiar oppvekst
Oppvekst
E-post
Mobil 91 55 72 66