Årleg blir det vedtatt ein budsjettpost på 500 000 kr. til oppgradering for nærmiljøanlegg og uteområdet til skule og barnehage. Midlane vert fordelt på forskjellige oppgraderingar etter ei prioriteringsliste som er utarbeida av kommunaltekniske tenester og leiinga for skule og barnehage.
Det kan bli gjort endring på prioriteringslista.
Det kjem ofte eksterne initiativ, både i form av gåver og dugnad, til bygging og rehabilitering av anlegg på kommunal grunn som barnehagar og skular, og i nærleiken av der folk flest bur. Det er positivt med slike initiativ. Desse retningslinjene syner framgangsmåte for ved slike byggeprosjekt.
Førespurnad om planlagde prosjekt på kommunal eigedom
- Send detaljert plan for godkjenning til einingsleiar der prosjektet er tenkt gjennomført.
- Send ein førespurnad med godkjenning frå einingsleiar og tiltak- /finansieringsplan om å få prosjektet inn på investeringsbudsjettet til teknisk avdeling. Prioritet avhenger av finansieringsmodell.
- Når førespurnaden er aksepter, vil ein få tildelt eit prosjektnummer og ein prosjektleiar som har ansvar for prosjektet i kommunen. Prosjektnummeret skal brukast både i innkjøpssamanheng og for føringar i rekneskapen. Bestillingar utført før førespurnad er godkjent, vil ikkje bli akseptert.
- Det er prosjektleiar som er ansvarleg for alle bestillingar. Dersom andre skal stå for bestillingar, skal dette avklarast først. Ein må også følgje lov og forskrifta om offentlege anskaffingar. For meir info, klikk her
- Dersom førespurnaden ikkje vert godkjent, kan ikkje prosjektet gjennomførast.
Spelemidlar
Spelemidlar til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg skal bidra til infrastruktur som gir befolkninga mogelegheit til å driva med fysisk aktivitet – både i regi av den frivillige, medlemsbaserte idretten, og gjennom mogelegheita for eigenorganisert fysisk aktivitet. Anlegg i lokalmiljøet som stimulerer og tilfredsstiller barn sine behov for fysisk aktivitet, skal prioriterast særskilt.
For meir om spelemiddelordninga, klikk her
- Send førespurnad til postmottak@vindafjord.kommune.no og rådgjevar kultur og idrett om å få tiltaket inn på prioritert handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet. Eit vilkår for å kunne søkja spelemidlar, er at anlegget er ein del av ein vedteken kommunal plan som omfattar idrett og fysisk aktivitet.
- Dersom anlegget skal byggjast på kommunal grunn, må ein ta kontakt med teknisk avdeling for å få ein feste/leigeavtale, då søkjar må ha rett til bruk av grunnen der anlegget skal ligge.
- Når prosjektet tilfredsstiller alle vilkår og krav for tilskot og drift av anlegget, kan ein søkje om spelemidlar via anleggsregisteret her.
For meir om bestemmingar om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, klikk her