Slik søker du hjelp på skulen

Dette gjer du dersom du er uroleg for om barnet eller ungdommen har særskilte behov:

  • Ta kontakt med skulen 
    Skulen gjer kartleggingar, opprettar «Stafettlogg» for samarbeid og prøver ut tiltak. PPT har fast kontaktperson på skulen som er med i dette arbeidet saman med elev, føresette og skule. Helsesjukepleiar er også del av samarbeidet ved behov.
  • Skulen tilviser til PPT 
    Ved behov for oppfølging av PPT, kan skulen og føresette senda skriftleg tilvising til PPT. Skulen informerer om PP-tenesta, saksgang, hjelper til med utfylling av tilvisingsskjema. Skulen sikrar at saka er godt opplyst. Frå 15 år må ein ungdom gje skriftleg samtykke før tilvising og til utarbeiding av sakkunnig vurdering.
  • PPT undersøker behov 
    PPT kallar foreldre inn til inntakssamtale, gjer observasjon på skulen, kartlegg og utgreier kva behov barnet eller ungdommen har og gir rettleiing og råd om kva som kan vera til hjelp. Dersom tilrettelegging innafor tilpassinga i det ordinære tilbodet ikkje er tilstrekkeleg, kan skule og føresette be om sakkunnig vurdering frå PP-tenesta.
  • Vedtak om ITO (Individuell Tilrettelagt Opplæring)
    Rektor gjer vedtak på grunnlag av den sakkunnige vurderinga frå PP-tenesta.
  • Skulen gjennomfører 
    Skulen har ansvar for å gjennomføra opplæring i tråd med vedtak

 

Aktuelle lenker

Rettleiar for tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging i grunnskulen

Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar