Kva gjer PP-tenesta?

Kvar kommune og fylkeskommune har ei pedagogisk-psykologisk teneste (PP-teneste). PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver. Det er viktig for oss at oppgåvene blir sett i samanheng. PP-tenesta samarbeidar med og støttar barnehagar og skular i førebyggjande arbeid, for å gje eit inkluderande opplæringstilbod til barn og unge som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. Tenesta bistår barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling, og utarbeidar sakkyndige vurderingar av barn og elevar med særlege behov. I tillegg skal tenesta støtta og rettleia skulane i å greia ut behov for tilrettelegging av opplæringa og å setja inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst. Det står i barnehagelova § 33 og opplæringslova § 11-13. 


PP-tjenesta kan vera organisert som ei kommunal teneste, eller som eit samarbeid med andre kommunar og/eller fylkeskommunen. PP-tenesta kan samarbeida tverrfagleg på lokalt nivå, til dømes med helsetenesta eller barneverntenesta, og på statleg nivå med til dømes Statped eller spesialisthelsetenesta. 


Vindafjord og Etne kommune jobbar etter BTI-modellen og har faste stedlege pp-rådgjeverar på alle skular og barnehagar i kommunen for å bidra til tidleg innsats. Målet er å vera tett på barnehage og skule for at barn og unge skal få rask hjelp gjennom tidleg innsats. Alle har rett til å få tilpassa opplæring og bli inkludert. God tilrettelegging og tilpassing for eit barn med særlege behov, kan koma alle barn til nytte. Som føresett kan du vera med i møte, utan at det er sendt tilvising til PP-tenesta. Godt samarbeid og systematisk, tidleg innsats gir ofte god og tilfredstillande hjelp.


Barnehage og skule kan be om rettleiing for å jobba med læringsmiljø i grupper eller klassar, og opplæring i form av kurs innafor aktuelle tema knytt til barn og unge. PP-tenesta er aktiv deltakande i nettverk og prosjekt i heile laget rundt barn og unge i kommunane.
PPT har mandat som omfattar retten til individuell tilrettelegging for vaksne i opplæring som ikkje har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og opplæring for å utvikla eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter (jf. Oppll. §§ 19-5 og 19-6).


PP-tenesta er ein viktig del av laget rundt barn og unge med samansette behov. Alle som arbeidar i PP-tjenesta har taushetsplikt. Våre tenester er gratis.

 

Utarbeiding av sakunnig vurdering

Tenesta har ansvar for at det vert utarbeida sakkunnig vurdering der lova krev det.

Meir informasjon om kva PP-tenesta gjer