Trygt og godt skulemiljø
Handlingsplan
Copilot KI
Opplæringslova § 12-2 slår fast at «alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.» Barn- og unge har rett til eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing/krenking av andre. Difor har og er skular/oppvekstsenter i Vindafjord med i ulike tiltak. Det har vore og er Olweus og læringsmiljøprosjektet i regi av UDIR. Elevar, føresette og tilsette har nulltoleranse for krenking som mål i både skuletida og i fritida for alle barn. Det einskilde barnet sine behov, rett til tryggleik og ivaretaking, skal til ei kvar tid stå i sentrum. Å sikra barnet sitt rett, vil krevja heilhjarta innsats av både føresette og tilsette. Skal me nå målet, må alle gjera eit aktivt arbeid, ha kunnskap om krenking og om verknadane av dette, og vera forplikta på å ta krenking på alvor om denne vert avdekka.
For den som vert utsett for krenkjande ord o vondsinna åtferd, eller vert utestengt, har dette verknader som eit overgrep. Dette kan skada eit barn både på kort og lang sikt. Mobbing handlar i stor grad om plager har makt og at den som vert krenka kjenner avmakt. Opplevinga til barnet skal alltid takast på alvor.
Den digitale kvardagen har gjeve nye arenaar for krenking. Om ein skriv nedlatande om andre på sosiale media, slepp ein stå ansikt til ansikt med den ein krenker. Det kan også vera raskt å « hengja seg på» ei negativ melding frå andre og støtta opp om negative «bølgjer» og haldningar, eller bevisst la vera å «lika» noko som den krenka legg ut.
Det kan vera vanskeleg å seia i frå, men det er likevel viktig. Barn ha rett å sei i frå til vaksne heime, på skulen eller til fritidsleiaren sin, dersom det vert utsett for negative ord eller handlingar. Føresette har rett til å ta kontakt med skulen om barnet vert utsett for krenkjande ord eller handlingar. Gjennom lova har ein også krav på at skulen set i gong undersøking og tiltak om eit barn opplever å bli krenka.
Arbeid mot krenking krev kontinuerleg innsats. Handlingsplanen til einingane i Vindafjord er ei forpliktande plan og dannar grunnlag for dette arbeidet.
Sjå også:
Handlingsplan
I Analaysebrettet på Udir sine heimesider finn de resultat frå nasjonale målingar av skulemijø.
- Resultat 7. klasse
- Resultat 10. klasse
Førebyggjande arbeid
Førebyggjande arbeid blir delt i tre. Det er avklaring og ansvar, trivselsfremjande tiltak og reglar.
Avklaring og ansvar
- Det er dei vaksne sitt ansvar at elevar har det bra. Føresette og tilsette må jobba saman for å lukkast i dette arbeidet.
- Alle tilsette har eit ansvar for å utvikla gode relasjonar til alle elevar og føresette
- Alle som arbeidar i skule skal følgja med på om elevane har det trygt og godt og gripa inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakkasering. Ein skal også snarast undersøkja saka og setja inn tiltak. Dette er regulert gjennom Oppløringslova § 12-2
- Det er eleven sjølv som skal definera om han/ho opplever seg krenka, og /eller utsett for mobbing
- Føresette har eit ansvar for å ta kontakt om dei er bekymra for trivselen til eige barn/ ungdom
- Den tilsette skal vera ein vaksen som eleven kan ha tillit til
- Den tilsette skal vera leiar av klassa på ein måte som blir opplevd trygg og tillitsfremjande for barn/ unge. Varme og grensesetjande tilsette
- Det psykososiale miljøet i skulen skal vera eit fast tema i foreldremøte
- Elevanes sosiale læring og utvikling skal vera eit tema ein har dialog om i utviklingssamtalen
- Det blir gjennomført strukturerte elevsamtalar i skulen. Samtalane er diaogbaserte og blir gjennomført to gonger i året. Sosial læring og utvikling er eit sentralt tema
- Overgong mellom barnehage- barneskule, barneskule- ungdomsskule og ungdomsskule til vidaregåande skule blir opplevd som planmessige og trygge for barn og unge
Trivselsfremjande tiltak
Skulane skal jobba aktivt for å framja eit trygt og godt miljø for alle. Dette er noko det blir jobba med kvar dag.
- Alle skulane/ oppvekstsentra i kommunen har flotte naturperler nær seg som dei brukar til fysisk aktivitet, leik og læring- heile året
- I tillegg til dei daglege tiltaka, har alle skular årlege aktivitetar og arrangement som har til føremål å skape samhald, trivsel og inkludering for alle
- Me har felles planar og eit godt samarbeid om aktivitetar som skal sikre trygge og gode overgangar for barn og unge- overgong heim- barnehage, barnehage- barneskule, barneskule- ungdomsskule, ungdomsskule- vidaregåande skule
- Alle som startar i 1. klasse får ein fadde frå eldre klassetrinn som tar seg ekstra av dei
- Alle elevar i 8. klasse reiser på leirskule saman
- Det blir lagt vekt på å byggja eit sterkt foreldrefellesskap i barnehage og skule
Reglar
Skulereglane våre kan bli sett på som spelereglar i arbeidet med å utvikle trygge og gode oppvekstmiljø. Alle må vera kjende med «spelereglane», og alle partar må følgje dei same reglane
Føremål med reglane
- Reglane skal fremja ei autoritativ vaksenstil, dvs tilsette som er varme grensesetjande
- Reglane skal vera få og enkle, og dei skal hjelpa elevane til sosial læring og utvikling
- Reglane skal fremja eit samarbeid mellom føresette og tilsette
- Reglane er også informasjon til sei tilsette om kva som er deira handlingsrom for regulering av åtferd til eleven
Opplæring
- Ved oppstart av skuleåret skal pedagog/ kontaktlærar gå gjennom reglane saman med elevane
- Dei skal og bli kjend med kva som skjer ved regelbrot
Evaluering og revidering
Punkt 9 skal ha ei årleg handsaming av følgjande råd og utval, frist 1. mai, årleg
- samtale med elevane- medbestemmelsesmøte, elevråd
- tilsette
- FAU
- SU ( samarbeidsutval)
- eiar/ driftsgruppa vurdere innspel og endringar i pkt 9
Leiargruppa for oppvekst ( styrarar, rektorar/einingsleiarar, kommunalsjef for oppvekst) drøftar og vurdere innspel og endringar i pkt. 1- 8, årleg ( sommarmøtet)
Uro for skulemiljøet for ditt barn?
Ta snarast kontakt med kontaktlærar og meld frå om di uro for ditt barn/ ungdom.
I enkelte saker vil ein jobba tverrfagleg, BTI betre tverrfagleg innsats, skal sikra at barn og unge får den oppfølginga og hjelpa dei treng. For å kunne vera sikre på at me fangar opp bidrar best mogleg er det naudsynt med nært og godt samarbeid mellom dei kommunale tenestene. Les meir om dette her:
Handlingsrettleiar BTI Vindafjord kommune
Skulen har ei aktivitetsplikt, den er regulert gjennom opplæringslova:
§12-4, aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø
Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev. Alle som arbeider på skolen, skal melde frå dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor/ einingsleiar skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen i alvorlege tilfelle. Skolen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak. I planen skal det stå
- kva problem tiltaka skal løyse
- kva tiltak skolen har planlagt
- når tiltaka skal gjennomførast
- kven som skal gjennomføre tiltaka
- når tiltaka skal evaluerast
Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er nødvendig.
§ 12-5 Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeidar på skolen, krenkjer ein elev
Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider ved skolen, krenkjer ein elev, skal vedkommande straks melde frå til rektor/ einingsleiar. Rektor/einingsleiar skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen, med mindre meldinga er openbert grunnlaus. Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein i leiinga ved skolen krenkjer ein elev, skal vedkommande melde frå til kommunen eller fylkeskommunen direkte.
Uro for skulemiljøet til deler av eller heile klassen?
Ta snarast kontakt med klassekontakt og meld frå om di uro. Klassekontakt tar kontakt med kontaktlærar på vegne av klassa:
- Dette er fast tema på kvart foreldre/føresettmøte
- Av og til blir det ei oppmelding til PPT som systemsak
- Kartleggingsverktøyet Spekter blir brukt dersom mistanke om uro for skulemiljø, den blir og brukt systematisk kvar haust frå 3.- 6. klasse
I handlingsplanen for eit trygt og godt psykososialt miljø kan ein sjå meir, der står det blant anna:
Ansvarskjede:
- den vaksne som ser problemet tek kontakt med kontaktlærar
- kontaktlærar samtalar med elevane
- informere rektor/einingleiar/ leiinga ved alvorleg eller gjentatt krenking
- når ein sak er meld til leiinga, skal det opprettast ei gruppe som arbeidar med saka. Denne gruppa kan t. d vera kotnaktlærar og ein frå leiinga
- møte med føresette til den krenka og krenkjar kvar for seg. Det blir oppretta aktivitetsplan ( kontaktlærar ansvarleg for at den blir laga, rektor/ einingsleiar skal kjenne til planen før den blir sendt ut
- møte med føresette/ kontaktlærar og leiinga
- gruppa må skissere vidare saksgong, t. d kontakt med andre instansar, i ein stafettlogg.
Prinsippet er at problem vert løyst på så lågt nivå som mogleg, men at lærar veit når saker vert meldt vidare, og dei veit kven dei kan vende seg til dersom problema ikkje kan verte løyst på deira nivå. Det er som ei trapp: ein prøver å løyse problema på lågaste moglege nivå, men går trinn opp når det er naudsynt.
Saker knytt til § 12 kan også vera system/ klassesak.
Kva skjer når du har meldt uro for skulemiljøet?
Skulen har aktivitetsplikt når nokon melder frå om at det ikkje er trygt og godt miljø. Den som får meldinga tek kontakt med rektor/ einingsleiar angåande den konkrete saka.
- Innan ei veke vil skulen ta kontakt med føresette for samtykke, og det vil bli oppretta ein skriftleg aktivitetsplan som skal bli laga og gjennomført i dialog med elev og føresette. Aktivitetsplanen blir lagra i ei mappe.
Aktivitetsplan skal innehalde:
- kva problem tiltaka skal løyse
- kva tiltak skulen har planlagt
- når tiltaka skal bli gjennomført
- kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka
- når tiltaka skal evaluerast
Skulen skal dokumentera kva dei har gjort for å oppfylle aktivitetsplikta. I evalueringsmøte er det føresette og elev som avgjer om uro for skulemiljøet er redusert og/ eller fjerna.
Skulen sitt ansvar for å sikra eit trygt og godt skulemiljø
Skulen har eit ansvar for å ha oversikt og kontroll med korleis skulemiljøet til elevane er. Det skjer for det meste gjennom daglegeobservasjonar, men også ved elevundersøkinga og andre lokale undersøkingar eller observasjonar.
Skulane har ei aktivitetsplikt, med krav til aktivitetsplan, om dei sjølv har ei uro for skulemiljøet til ein eller fleire av elevane. Det same gjeld om utfordringar blir avdekka gjennom brukarundersøkingar.
Dette er regulert i Opplæringslova § 12:
§ 12- 4 Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø ( aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)
Alle som arbeider på skulen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev. Alle som arbeider på skulen, skal melde frå dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt skulemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor/einingsleiar skal meldea frå til kommunen i alvorlege tilfelle. Skulen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak.
I planen skal det stå:
- kva problem tiltaka skal løyse
- kva tiltak skolen har planlagt
- når tiltaka skal gjennomførast
- kven som skal gjennomføre tiltaka
- når tiltaka skal evaluerast
Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er naudsynt.
Copilot KI
Skjerpa aktivitetsplikt om vaksne krenkjar barn/unge
Gjeld uro for skulemiljøet når tilsette som gjennom munnleg språk, kroppsspråk eller haldningar opplevast krenkjande, skal du snarast ta kontakt med rektor/einingsleiar ved skulen.
- Gjeld uro rektor/einingsleiar ved skulen sine haldningar eller handlingar, skal du ta kontakt med barnehage- og skulesjef (kontaktinformasjon i høgre marg)
- Tilsette ved skulen har varslingsplikt om dei opplever eigne kollegaer opptre på ein krenkjande måte overfor barn eller elevar
- Rektor/einingsleiar skal varsla barnehage- og skulesjef (kontaktinformasjon i høgre marg) om det blir meldt frå om tilsette som blir opplevd krenkjande
- Undersøkingar og tiltak skal setjast i gong straks ved slike sakar
Dette er regulert i Opplæringslova § 12:
§ 12- 5 Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev
Dersom ein som arbeider på skolen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider på skolen, krenkjer ein elev, skal vedkomande straks melde frå til rektor. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen, med mindre meldinga er openbert grunnlaus. Dersom det er mistanke om eller kjennskap til at ein i leiinga ved skolen krenkjer ein elev, skal vedkommande melde frå til kommunen eller fylkeskommunen direkte.
Ikkje nøgd med skulen si handtering av saka?
Opplever du at saka di ikkje blir tatt på alvor av skuleleiinga og/eller kommuneleiing, kan du melde saka di til Statsforvaltaren.
Du må ha vore i kontakt med rektor/ einingsleiar ved skulen, eller barnehage- skulesjef (kontaktinformasjon i høgre marg) før du melde saka vidare. Det må ha gått minst ei veke etter du tok kontakt med rektor/ barnehage- skulesjef før du kan melde saka vidare.
Er det usemje mellom føresette og skule om saka er løyst eller ikkje, kan føresette melde saka vidare til statsforalter for deira vurdering.
Statsforvalteren.no
Copilot KI
Opplæringslova § 12-2 slå fast at Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring.
Barn- og unge har rett til eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing/krenking av andre. Difor har og er skular/oppvekstsenter i Vindafjord med i ulike tiltak. Det har vore og er Olweus, Bry deg! Og læringsmiljøprosjekt i regi av UDIR. Elevar og føresette og tilsette har nulltoleranse for krenking som mål både i skuletida og i fritida for alle barn. Det einskilde barnet sine behov, rett til tryggleik og ivaretaking, skal til ei kvar tid stå i sentrum. Å sikre barnet sin rett, vil krevja heilhjarta innsats av både føresette og tilsette. Skal me nå målet, må alle gjera eit aktivt arbeid, ha kunnskap om krenking og om verknadane av dette, og vera forplikta på å ta krenking på alvor om denne vert avdekka.
For den som vert utsett for krenkjande ord og vondsinna åtferd, eller vert utestengd, har dette verknader som eit overgrep. Dette kan skada eit barn både på kort og lang sikt. Mobbing handlar i stor grad om at plagar har makt og at den som vert krenka kjenner avmakt.
Den digitale kvardagen har gjeve nye arenaar for krenking. Om ein skriv nedlatande om andre på sosiale media, slepp ein stå ansikt til ansikt med den ein krenker. Det kan også vera raskt å ”hengja seg på” ei negativ melding frå andre og støtta opp om negative ”bylgjer” og haldningar, eller bevisst la vera å «like» noko som den krenka legg ut.
Det kan vera vanskeleg å seia frå, men det er likevel viktig. Barn har rett å seia frå til vaksne heime, på skulen eller til fritidsleiaren sin, dersom det vert utsett for negative ord eller handlingar. Føresette har rett til å ta kontakt med barnehagen eller skulen om barnet vert utsett for krenkjande ord eller handlingar. Gjennom lova har ein også krav på at barnehagen eller skulen set i gong undersøking og tiltak om eit barn opplever å ikkje ha det trygt og godt.
Arbeid mot krenking og mobbing krev kontinuerleg innsats. Handlingsplanen er ein forpliktande plan og dannar grunnlag for dette arbeidet.
Avdekking av krenking og mobbing i skulen
Mål: Krenking som går føre seg i og ved skulen vert avdekka
Skulen har prosedyrar for å avdekkja eventuell krenking av og blant elevar. I tillegg til prosedyrane har skulen også sett opp kva for ansvar ulike grupper har i denne samanhengen. Aktuelle grupper kan vere: Leiing, lærarar, fagarbeidarar/assistentar, andre tilsette, elevar og foreldre/føresette.
Årleg undersøking av omfanget av krenking ved skulen
Prosedyre ved den årlege undersøkinga
A. Kommunal trivselsundersøking for 3. – 7.kl i kvart år (Spekter).
Nokon skular vel og ikkje ta med 7. klasse på Spekter da ein gjennomfører Elevundersøkinga på det trinnet.
Foreldre/føresette får informasjon på førehand. Undersøkinga blir gjennomført samstundes for alle klassane. Samla resultat av undersøkinga med oppfylgingsplan vert lagt fram for personale, elevar og foreldre/føresette.
Ansvarleg for undersøkinga:
Rektor/einingsleiar/IKT-rettleiar samordnar og set i gong undersøkinga.
Kontaktlærar gjennomfører undersøkinga i den einskilde klasse og gir rektor/einingsleiar tilgong til resultata.
Ansvar for oppfølging i personalet, FAU og SMU/SU:
Kontaktlærar summerer resultatet på klassenivå.
Rektor/einingsleiar summerer resultatet på skulenivå.
Rektor/einingsleiar legg fram resultat og oppfylgingsplan på lærarmøte, møte for assistentar og FAU/SU- møte (kvart skuleår)
Ansvar for oppfølging til elevar/ foreldre/føresette:
Informasjon til elevrådsrepresentantar, som tar det med tilbake til klassane.
Kontaktlærarane orienterer på klasseforeldre/føresettemøte.
B. Nasjonal elevundersøking for 7. til 10. klasse innan 3. januar kvart år
Foreldre får informasjon på førehand. Rektor informerer elevane om Elevundersøkinga og går gjennom spørsmåla før undersøkinga vert gjennomført. Samla resultat av undersøkinga vert lagt fram for personale, elevar/ elevråd og foreldre / FAU og SMU for analyse og oppfylging ved behov.
Ansvarleg for undersøkinga:
Rektor registrerer elevar som skal delta i undersøkinga.
Kontaktlærar gjennomfører undersøkinga med elevane.
Rektor/einingsleiar legg fram samla resultat.
Vakt og tilsynsordninga
Sjekkpunkt for vakt og tilsynsordningar:
- Alle vakter har vest.
- Leiinga ser til at det er vestar tilgjengeleg, vaktene har ansvar for å bruke dei!
- Leiinga set opp vaktlister og fordeler skuleområdet mellom vaktene.
- Vaktene skal «sirkulere» på heile vaktområdet, ikkje gruppere seg.
- Ved fråvær skal ein gje beskjed om vaktene sine den dagen.
- Ta kontakt med elevar som går aleine.
- Vaktene bør vera kjente med elevar som er sårbare eller utagerande og treng litt ekstra tilsyn for å ha det trygt. Vakta må vite kva ein skal observera og korleis ein grip inn.
Alle elevar er våre elevar, og me har eit felles ansvar for at alle har det bra!
Kommunikasjon lærar – elev – føresette
Det psykososiale miljøet vert teke opp i alle faste kontaktmøte med elevar og føresette
- Det skal vere to kontaktmøte per år - eit vår og eit haust. Kontaktlærar har ansvar for å ta opp trivselen til eleven på desse møta.
- Dersom det er behov for det, skal kontaktlærar tilby fleire samtalar med elev og føresette
Det psykososiale miljøet vert teke opp i faste elevsamtalar
- Trivsel er eit eige tema i elevsamtalen. Det skal vera minimum to elevsamtalar per elev per skuleår, men sjølvsagt fleire ved behov.
- Det er kontaktlærar sitt ansvar at det vert gjennomført elevsamtalar, men faglærar kan og ha elevsamtalar.
Det psykososiale miljøet er tema på klasseforeldre/føresettemøte
- Det psykososiale miljøet skal vera fast innslag på foreldre/føresettemøta. Ein skal fortelje at skulen har prosedyrar når ein oppdagar mobbing og orientere om desse. Det skal vera nulltoleranse av krenking. Klassekontaktane bør oppfordrast til å vera med å skape trivselsfremjande tiltak i klassen.
- § 12. Det psykososiale miljøet (Opplæringslova)
- Skulen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Utdanningsdirektoratet, skulemiljø
- Arbeidet mot krenking skal også vera tema på FAU-møter, i SU- / SMU- møte, elevråd og i klassane. FAU kan vera med å arrangera t.d. temaforeldremøte saman med skulen.
- Ansvarleg: Kontaktlærar og klassekontaktar, rektor/einingsleiar
Ved mistanke om krenking
Mistanken kan kome frå eleven, heimen eller skulen og må undersøkjast nærare.
- Samtale med eleven
Samtale på tomannshand - fylgje skulen sin prosedyre ved krenking. Sjå punkt 2. Laga notat. Ansvarleg: Kontaktlærar, evt den vaksne som har bekymring. Meld frå til rektor/einingsleiar. - Informasjonsinnhenting gjennom observasjon og samarbeid på klasselærarnivå
Dersom eleven bekreftar at han/ho ikkje har det bra, må ein gjera observasjonar i ein periode og utveksle informasjon på klasselærarnivå, og om nødvendig på steget for å innhente informasjon frå vakter. - Kontakt med heimen
Ved mistanke om krenking må ein ha jamleg dialog med heimen - Hjelp frå andre instansar
(t.d. PPT, helsestasjonen, psykisk helse, barnevern) Henta inn munnleg løyve frå foreldre til at PPT observerer eleven på PPT-dagen. Henta anonyme råd i konsultasjon med helsesøster, psykisk helse og barnevern.
Ansvarleg: Rektor/leiinga, i samarbeid med kontaktlærar og foreldre/føresette.
§ 12-4 Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø ( aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)
Alle som arbeider i skulen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev. Alle som arbeider på skulen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Det gjeld også når ei elev seier sjølv at ho eller han ikkje har det trygt og godt. Skulen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor skal melde frå til kommunen i alvorlege tilfelle. Skulen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak. I planen skal det stå:
- kva problem tiltaka skal løyse
- va tiltak skolen har planlagt
- når tiltaka skal gjennomførast
- kven skal gjennomføre tiltaka
- når tiltaka skal evaluerast
Skulen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er naudsynt.
Meldeskjema §12-2 (PDF, 118 kB)
Problemløysing om krenking har skjedd i skulen
Mål: Skulen arbeider aktivt saman med foreldre/føresette å førebyggja og stoppa krenking og plaging.
Ingen saker er like. Under finn du ein prosedyre som kan brukast i dei fleste saker, men som alltid bør tilpassast til den konkrete saka ein jobbar meg. Saker med krenking skal handsamast etter reglane om aktivitetsplikt og aktivitetsplan i opplæringslova §12-4. Leiinga sender ut aktivitetsplanen og må difor orienterast om prosessen. Om SFO er involvert, er SFO-koordinator delaktig i prosessen. Skulen skal sikre at lærarar eller føresette som melder ei sak veit at saka vert teken opp.
Kontaktlærar er som hovudregel ansvarleg for å gjennomføra samtalane og fører logg. Målet er å ivareta og beskytta offeret på best mogeleg måte. Samtalane går føre seg på skjerma plass (grupperom, møterom, kontor). Skulen har aktivitetsplikt i alle saker der det ikkje er eit trygt og godt miljø. Aktivitetsplikt og aktivitetsplan skal utarbeidast jamføre opplæringslova §12-4. Sjå også punkt 2.5
Samtale med den krenka
Individuell samtale på skjerma plass. Kontaktlærar gjennomfører samtalen og fører logg.
Samtale med krenkjar
Individuell samtale på skjerma plass. Kontaktlærar gjennomfører samtalen og fører logg. Er det fleire involvert, skal ikkje elevane få høve til å snakka saman mellom samtalane.
Gruppesamtale, om det er fleire som krenkjer/mobbar
Gruppesamtalen skal gjennomførast straks etter dei individuelle samtalane. Lag skriftleg notat etter samtalen.
Lærar vurderer om det skal vera møte straks mellom dei som krenker og den som blir krenka. I ein slik samtale skal normalt lærar gje elevane ordet, men sørgja for ein konstruktiv konklusjon. Bruk gjerne førespegling (Når ….møter ……, kva skal skje då? Kva kan du….gjera for at …skal ha det bra på skulen? Kva må skje for at du ….skal føle deg trygg og ha det bra på skulen? Kan du…..love at du skal prøve på det?)
Tiltak som kan vurderast for krenkjar: (lokale skulereglar på den einskilde skulen kan regulera nokre av punkta)
- Forsterka vakthald rundt både offer og krenker
- Alternative friminutt for krenkjar – kort periode t.d. 1-3 friminutt i samråd med heim
- Vakt som ”frimerke” på krenkjar
- Kopla inn andre instansar (t.d helse, PPT, barnevern, )
- I samarbeid med heimen dra inn retten til å bruka nett og mobil
- Ved manglande samarbeid med heimen, melde saka til barnevernet
- Visa eleven ut frå skulen (Skulereglar)
Arbeid i etterkant av ei sak etter §12-4 – elevarbeid
Etter at ei sak er løyst eller at det er gjort tiltak for å endre situasjonen, vil det vere nødvendig å jobba strategisk i forhold til dei ulike partane: Den krenka, krenkjar og tilskodarar. Målet med dette arbeidet må vera å førebyggja at dei kjem i nokon av desse rollane seinare.
Ansvar: Kontaktlærar, i samarbeid med klasselærarar/ andre tilsette i klassen eller steg. Skuleleiinga skal støtte opp om arbeidet, og hjelpe til med å finne gode løysingar.
Den krenkja: Hyppigare elevsamtalar i ein periode for å sikre at han/ho har det bra. Tett kontakt med heimen. Føre logg på samtalane.
Krenkjar: Det vil i dei fleste tilfelle vera nok med samtalar, om nødvendig hjå inspektør/ rektor, og informasjon heim. I dei tilfelle der ein ser at krenkjar treng meir systematisk hjelp for å endra åtferd og tankemønster, kan ein søkja hjelp hjå andre instansar (PPT, helsestasjon, psykisk helse) eller be om støtte frå administrasjonen i ein periode for å ta tak i dette sjølv. Tips: Psykologisk førstehjelp for barn/ ungdom.
Tilskodarar/klasse: Det er alltid viktig å arbeida med å få til eit trygt og godt klassemiljø, og å læra elevane kva som er rett å gjera i situasjonar der ein ser at nokon ikkje har det bra.
Individuell oppfylging, AKTIVITETSPLIKT OG PLAN
Arbeid i etterkant av ei sak ved krenking – organisasjonsarbeid
Problemløysing på individnivå og etterarbeid etter ei sak ved krenking kan avdekkje svake punkt i systemet, som bør verta endra for å verke førebyggjande. Det er difor viktig at kvar sak ved krenking vert avslutta med ei evaluering der leiinga saman med aktuelle partar drøfter kva ein i organisasjonen kan lære av denne saka med tanke på å førebyggje krenking.
Prosedyrar for jobbing i etterkant – med fokus på organisasjonen:
- Gjennomgang av saka. Kva organisering og rutinar fungerer/funger ikkje tilfredsstillande.
- Ansvarleg: Rektor/einingsleiar
- Informasjon til andre tilsette basert på det som kjem fram i punkt 1 i prosedyren.
- Ansvarleg: Rektor/einingsleiar
Aktivitetsplanen blir fulgt opp etter gjeldande rutine, alle dei involverte skal bli informerte om sine.
Førebygging i skulen
Mål: alle elevar skal oppleve eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Relasjon lærar- elev
Lærar er ein tydeleg vaksen som eleven kan ha tillit til.
Det betyr:
Læraren si relasjonsbygging til den einskilde eleven går føre seg kontinuerleg o skal ha høg kvalitet gjennom:
- elevsamtalar ( minst ein gong i semesteret, oftare etter behov).
- dagleg dialog i timar og friminutt
- god klasseleiing med gode rutinar
- ·klare konsekvensar
- elevane må oppleve at læar har tid til dei
- framsnakka eleven, gje ros og oppmuntring
- god tone og godt humør
Relasjon lærar- klasse/gruppe
Lærar syner tydeleg leiing på ein slik måte at klassa/gruppa vert opplevd som ein trygg stad for alle elevane.
Det betyr:
Læraren si realsjonsbygging til klassa/gruppa har høg kvalitet gjennom:
- god klasseleiing, md tydelege konsekvensar
- laga tydelege klassereglar for klassar og grupper, men utgangspunkt i skulereglane, og henge det på veggen i klasserommet
- ordenselev med rettar og pliktar
- dagsplan på tavla som vert gjennomgått i starten kvar dag
- nytta verkemidler som forsterkar positiv åtferd
- framsnakka og sjå kvar enkelt elev i gruppa
- kvar elev skal vera likeverdig og trygge til å ta ordet i gruppa
- arbeide med å regulere elevar som forstyrrer ( med kommentarar og aktivitetar)
(Klasseledelse, Nordahl og Hansen)
Relasjon elev-elev
Me arbeidar for at alle elevar tar vare på kvarandre, og ønskjer at alle har det trygt. Dei vaksne si stimulering av positive realsjonar mellom elevane skal gå føre seg kontinuerleg og ha høg kvalitet gjennom ulike tiltak, t.d:
Småskulen:
- læringspartnar
- stasjonsarbeid eller liknande
- fadderordning for 1. klassingar
- øva grunnleggjande sosial kompetanse, som t.d seia «Hei» eller «God morgon», når ein treff kvarandre, og gjennom spel, leik og samhandling
- sosiale tiltak der alle vil verta inkluderte og får det kjekt i leiken, t.d. trivselsdag/-veke, syng med oss, spelekveldar, aktivitetsdagar og turar mm
- enkelte elevar eller elevråd kan ha ansvar for felles aktivitetar i friminutt i periodar, TL ( trivselsleikar)eller liknande
- hemmeleg venn
- vennegrupper i friminutta
Mellomtrinnet:
- trivselsleiar/elevar som har ansvar for felles aktivitetar i friminutt i periodar
- sosiale tiltak der alle vil verta inkludert
- minst ein gong i løpet av mellomtrinnet bør klassen ha eit opplegg om vennskap og mobbing, der ein blir medviten ulike rollar, med tydeleg fokus på tilskodaren si makt i ei gruppe
- minst ein gong i løpet av mellomtrinnet bør ein på tvers av dei tre klassane lage eit skodespel, ein musikal eller liknande som ein viser for andre- gjerne i samarbeid med FAU
- 7. klasse skal delta på arrangement, ha aktivitetar og treffpunkt med 7. klassingar som skal gå saman på ungdomsskulen for å knytte band ved overgong til ungdomsskulen
Ungdomstrinn:
Trivselsleiarar/elevar som har ansvar for felles aktivitetar i friminutt i periodar
- Sosiale tiltak der alle vil verta inkludert t.d. aktivitetsdagar og turar
- Minst ein gong i løpet av ungdomstrinnet bør klassen ha eit opplegg om vennskap, mobbing, roller og identitet- lage eit arrangement sjølv
Alle trinn:
- Nytta læringspartnar ( vurdering for læring) som eit verktøy for at elevane skal bli betre kjend med kvarandre
- Legge til rette for vennskap og positivt lærngsmiljø
- Nytta positive aktivitetar som kan skape trivsel og samhald
- Nokre skular er TL ( trivselsleiar) skular. 4.- 9. klasse elevar er TL, dei skal arrangere aktivitetar i nokre friminutt . alle kan vera med på aktivitetane
- Trivselsreglar bør henge i alle klasserom
- Framsnakk kvarandre
- I klassar der forledre/ føresettegruppa vil arbeide med klassemiljøet, kan foreldre/føresette organisera vennegrupper og aktivitetar- arbeid med klassemiljø er viktig!
Relasjon lærar – føresette
Relasjonen mellom lærar og den einskilde eleven sin føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje.
Det betyr:
Lærarane sitt arbeid med å byggje gode relasjonar til føresette går kontinuerleg og skal ha høg prioritet:
- Kontaktlærarane har møte med klassekontaktane ved skulestart, der første foreldre/føresettemøte vert planlagt
- Skulen, saman med FAU, bør lage idébank for kva som kan gjerast i nærmiljøet saman med foreldra/føresette og barna i klassen, i løpet av skuleåret, og for eksempel til sommaravslutning eller liknande
- Laga arenaer der foreldra/føresette, saman med borna, kan møte kvarandre og bli kjende med kvarandre, for eksempel spelekveld og strikkekveld (småskulen). Skulen må ta initiativ til slike tiltak
- Halvårsvurdering to gonger i året
- /føresettemøte to gonger i året, der ein omhandlar eit tema fastsett av plangruppa
- Klassekontakt- to representantar frå kvar familie
- Anna uformell og formell kontakt etter behov. Det er viktig å dokumentere kontakt med heimen i saker som gjeld krenking, stafettlogg eller x notat.
Når skule og heim dreg i same retning vert det best for eleven!
Skulen sitt samarbeid med heimane
Skulen har eit ope og aktivt samarbeid med dei føresette som gruppe.
Tiltak skulen set i verk for å medverka til at skulen sitt samarbeid med heimane har høg kvalitet og medverkar best mogleg til utvikling av gode læringsmiljø:
- Foreldre/føresetemøte kvar haust planlagt av både foreldrekontaktar og kontaktlærar
- Samarbeid gjennom FAU og SU /SMU
- Informasjonsskriv frå rektor/einingsleiar
- Vekeplanar og informasjonsskriv til føresette- showbie, itslearning
- Oppmuntre til gjensidig kontakt
- Løysa usemje så raskt som mogleg og på lågast mogleg nivå.
- Sosiale aktivitetar med foreldre/føresete som pådrivarar
Skulestart
Skulestarten skal vere planlagt, trygg og gje alle elevar ei positiv oppleving
Tiltak skulen set i verk for å sikre ein god årleg start for klassar/grupper:
Overgang til småskuletrinnet (1.kl):
- Brev til heimen før oppstart i 1. klasse med innskrivingspapir
Overgangsprosedyrar Vindafjord kommune 2025-28 (PDF, 2 MB)
Overgang til mellomtrinnet (5.kl):
- .klasselærar samarbeidar med mellomtrinnet, arbeidsmåtar og rutinar elevane treng å øve på før mellomtrinnet før det siste kontaktmøtet med foreldra
- Fokus på overgong til mellomtrinnet på utviklingssamtalen vår 4.kl. Besøk på vårparten av den som skal bli kontaktlærar i 5.kl
- Overføringsmøte mellom lærar 4. og ny lærar 5.kl
- 4.klasse vert invitert med på nokre aktivitetar på mellomtrinnet, og har aktivitetar saman med 5. og 6.klasse på avslutningsdagen før sommaren ( den einskilde skule/oppvekstsenter løyser dette)
Overgang til ungdomstrinnet (8.kl):
- 7. kl får besøk av rektor og rådgjevar som informerer om ungdomsskulen, valfag og språkfag m.m
- Fellesdagar med aktivitetar for dei nye 8. klassane
- Overføringsmøter i juni mellom 7.kl og 8.kl-lærarar og ein frå leiinga
- Elevane vert grupperte slik når dei byrjar på ungdomsskulen:
- Gruppene skal vera om lag like store.
- Gruppene skal vera sett saman av om lag like mange jenter og gutar.
- Gruppene skal ha ei best mogeleg samansetjing for å få eit godt læringsmiljø for alle og for den enkelte elev. To viktige prinsipp vil vera:
- Kontinuitetsprinsippet: Gode vennskapsforhold bør takast vare på i same klasse
- Brotprinsippet: Elevane vert grupperte uavhengig av bustad og tidlegare skulekrins. Elevar som påverkar kvarandre negativt eller har dårlege relasjonar skal normalt ikkje gå i same klasse. Brotprinsippet kan vera eit godt tiltak for å skapa eit godt klassemiljø og førebyggja krenking / mobbing.
- Ungdomsskulane har det formelle ansvaret for å setja saman gruppene, ut frå informasjon frå kontaktlærarane i 7.klasse på barneskulane, eventuelt PP-tenesta. Informasjonen vert gitt i eit formelt møte.
- Rektor har det siste ordet i gruppedelinga.
Klasse/gruppestart
Lærar møter klassen/gruppa på ein måte som signaliserer trygg leiing og ivaretaking som basis for gjensidig tillit.
Skulen har daglege rutinar som skal følgjast av alle. Oppslag om dette heng i klasseromma:
- Elevane helsar første gong dei har ein lærar/fagarbeidar/assistent
- Avslutte timen med ei kort oppsummering
- Rydda klasserom og avslutte med avskjed før ein går heim etter siste time
- Gå gjennom skulereglar og rutinar med elevane
- Dette gjeld skulen sine reglar, og ein kan i tillegg lage eigne reglar for klassen.
Sikring av ulike arenaer
Skulen har prosedyrar og sjekkpunkt som gjer at skulegard, toalett, ballbinge, gymnastikkfløy, SFO og skuleveg vert opplevd som trygge stader.
Tiltak skulen har sett i verk for å sikre desse områda:
- Trafikk/bussvakt morgon og etter skuletid
- Vaktordning i alle friminutt og om morgonen på skuleområdet
- Dela skuleområdet i ulike vaktsonar etter den einskilde skule sitt behov
- Informasjon til skuleskyss: Dersom sjåførane i taxi/buss ser og høyrer mobbing på skulevegen må dei ta kontakt med skulen og informere om dette
- Vaktene skal ha vestar slik at dei er lett synlege
- Vaktene skal sirkulere på området sitt slik at dei ser alle elevane
- Det er reglar for korleis uteområdet skal fordelast, og desse heng i klasseromma
- Oversiktlege toalett, slik at det ikkje er lett å stikka seg bort/ samle seg på slike stader
- Når ein skal ha gym, ventar ein på avtalt plass til den vaksne kjem
- Det skal alltid vera vakt ved ballbinge, og fordeling/deling av ballbinge i friminutta slik at alle føler seg trygge nok til å vera med
Copilot KI