Søka fri og permisjon

Fokus for alt arbeid i skulen er læring og at elevane skal ha godt utbyte av undervisninga. Elevane har undervisningsplikt 38 veker per skuleår, 190 dagar. Opplæringslova §2-11 gir likevel rom for permisjon.

  • Dersom du skal søka eleven fri 1-2 dagar, skal fråvær meldast frå om i den digitale meldingsboka 
  • Dersom du skal søka eleven fri meir enn 2 dagar må det søkast elektronisk til rektor på eige skjema (søknad må vera sendt i god tid før fråværet, normal handsamingstid er 14 dagar).
  • Dersom du skal søka eleven fri 15 kalenderdagar eller meir, vil eleven bli skriven ut av skulen.

Vilkår

Det blir ikkje gitt permisjon i følgande periodar for elevar som skal ha:

  • Nasjonale kartleggingsprøvar 1. - 3. trinn
  • Nasjonale prøvar: 5., 8. og 9. trinn
  • I tentamen- og eksamensperiodar for elevar i ungdomsskulen
  • Andre kartleggingar eller at eleven har behov for å vera på skulen (viktige periodar av skuleløpet, har høgt fråvær mm.). 

Kvar enkelt søknad blir handsama individuelt. Det blir understreka at dersom ein får permisjon overtek  foreldra opplæringsansvaret når eleven har permisjon. I det ligg det at ein oppdaterer seg på arbeidsplanar og leksearbeid i permisjonsperioden. Ein permisjonsperiode skal ikkje gi meirarbeid for undervisningspersonalet.

Eleven kan ikkje pårekna ekstra hjelp frå skulen når han kjem tilbake for å få gjennomgått stoff som er undervist i under fråværet.

Me viser elles til opplæringslova §2-11.