Skuleskyss

  • Elevar som har minst fire kilometer skuleveg har rett på fri skuleskyss i grunnskulen.
  • For elevar i 1. klasse er det to kilometersgrenser.
  • Fylkeskommunen skal sørga for skuleskyss for elevar på vidaregående skule som har minst seks kilometer skuleveg.

Skuleskyss i grunnskulen

Vindafjord kommune brukar Kolumbus til skuleskyss i grunnskulen. 

Vilkår

Avstanden mellom skule og heim må overstiga

  • 2 km for 1. årstrinn i grunnskulen
  • 4 km for 2. til 10. årstrinn i grunnskulen

Meir om skuleskyssordninga og kven som kan få tilbodet 

Særskilt farleg skuleveg

Er du elev i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg, har du rett til fri skuleskyss uavhengig av kor stor avstanden er. Dette gjeld også om du har nedsett funksjonsevne eller er mellombels skadd eller sjuk.


Kommunalt reglement for skuleskyss - revisjon 2020

Slik er prosessen

  1. Ta kontakt med rektor og presenter strekninga dette gjeld.
  2. Rektor undersøker om dette er ei strekning som allereie er vurdert som særleg farleg skuleveg i kommunalt reglement for skuleskyss (PDF, 670 kB).
  3. Dersom den er innanfor reglementet, får de beskjed av rektor at skyss blir ornda av skulen. Dersom ikkje, må de...
  4. ...senda skriftleg søknad til rektor med dokumentasjon og grunngjeving for kvifor ein ønsker fri skuleskyss.
  5. Rektor behandlar så søknaden etter Forvaltningslova.
  6. Dersom de får medhald, kan dette vedtaket gjelda for heile skuleåret, eller vinterskyss i perioden november til april.
  7. Dersom avslag, eller at de ikkje er nøgde med vedtaket, er det klagerett til statsforvaltaren. Skulen ved rektor har plikt til å hjelpa dykk med denne søknaden. 
  8. Statsforvaltaren sitt vedtak er endeleg. Dersom dei gir dykk medhald har rektor plikt til å setta inn skyss. Dersom de ikkje får medhald av statsforvaltaren, blir det ikkje skuleskyss. 

Skuleskyss i vidaregåande skule 

Det er fylkeskommunen som skal sørga for skyss i vidaregåande skule.

Meir om korleis elevar i vidaregåande skule skal søka om skuleskyss

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Anita Jørstad Grindheim
Anita Jørstad Grindheim
Barnehage- og skulesjef
Oppvekst
E-post
Telefon 90 11 54 97