Gratis kjernetid for 1. - 3. klasse i SFO
Kunnskapsdepartementet har nå vedtatt endringer i forskrift til opplæringslova § 1B-4 om gratis kjernetid i skulefritidsordninga for elevar både på 1. og 3. årstrinn. Den nye forskriftsteksten er her (PDF, 240 kB) (vedtatt i KS 007/25). Informasjon om moderasjonsordning SFO Udir
Føresette treng ikkje søka om gratis kjernetid, dette vil komme til fråtrekk automatisk for alle på 1., 2 og 3. trinn. Gratis kjernetid er pakke 8 (gjeld frå skuleår 2025/26) eller fråtrekk på faktura tilsvarande 12 timar SFO i veka (1600 kroner per januar 2025).
Du har rett på redusert foreldrebetaling om maksimumsprisen for SFO er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldet.
Dette er ei nasjonal ordning som gjeld for 1.-4.trinn.
Ordninga gjeld berre etter skriftleg søknad til kommunen.
Søknadsfrist redusert foreldrebetaling
Ordinær søknadsfrist ved nytt skuleår er 1. august. Søknadane blir behandla fortløpande. Det kan ta inntil 3 veker før du får svar. I sommarferien kan ein rekna med lengre behandlingstid.
Du kan i tillegg søka gjennom heile året. Om du søker etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Dersom rekning for perioden allereie er sendt ut, skal du betala sjølv om prisreduksjonen er gitt. Prisreduksjonen vert trekt frå på neste faktura.
Slik søker du
Du søker elektronisk gjennom Visma Flyt sin føresetteportal.
SFO for barn i 5.-7. klasse med særskilte behov
De kan søka om gratis SFO-tilbod for barn i 5.-7. trinn med særskilte behov. Kva som er «særskilte behov» skal ifølge lovverket sjåast i samanheng med krav i lova om at barn med nedsett funksjonsevne skal ha gode utviklingsmoglegheiter, jamfør opplæringslova § 13-7 andre ledd. Dette tilbodet må føresette søke på nytt om for kvart skuleår. Betaling for kost kjem i tillegg. Ta kontakt med skulen v/rektor for å få informasjon om søknadsprosedyre.
Vilkår
- Ved søknad om redusert foreldrebetaling der maksimumsprisen for SFO er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldet må inntekta dokumenterast.
- Barnet eller barna må ha stadfesta plass i SFO, og hushaldet må ha ei faktisk utgift til SFO.
- Ordninga gjeld per barn per år for eit skuleår om gongen.
- Søkar må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet eller barna.
Slik søker du
Du skal fylla ut søknadsskjemaet og senda det til kommunen.
- Når fleire søsken er fast innmeldte i SFO, blir det betalt full pris for det barnet som har lengst opphaldstid.
- Barnet som har nest mest tid får 30 prosent søskenmoderasjon.
- Dersom det er fleire enn 2 søsken, får dei 50 prosent rabatt kvar. Rabatten gjeld og på feriepakke.
- Barn som går over frå barnehage til 1. klasse i august, og bestiller feriepakke i SFO, får refundert satsen. tilsvarande ei veke av feriepakka i SFO då dei har betalt barnehageplass til 15. august
Det vert sendt faktura etterskotsvis kvar månad med betalingsfrist på 2-3 veker.