Råd og utval

For å sikra brukarmedverknad skal alle grunnskular ha eit:

  • foreldreråd (FAU)
  • samarbeidsutval (SU)
  • skulemiljøutval (SMU)
  • elevråd

Møtefrekvensen i desse råda og utvala er noko ulik. Elevrådet har møter om lag ein gong i månaden, medan SU/SMU har ein gong kvart halvår.

Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU)

Foreldrerepresentantane som blir valt blant dei føresette i kvar klasse utgjer skulen sitt foreldreråd (FAU). Frå FAU blir det valt ut to representantar som også skal representera dei føresette i skulen sitt samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU).

Meir om det å vera medlem av FAU

Samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU)

Samansettinga av SU er:

  • to representantar for undervisningspersonale
  • ein representant for andre tilsette ved skulen
  • to foreldrerepresentantar
  • to elevrepresentantar
  • to representantar frå kommunen

I praksis fungerer skulen sitt SU også som SMU. For å sikra at elevar og foreldre er i fleirtal, blir det oppnemnd tilleggsrepresentantar frå elevane og foreldra.

Meir om det å vera medlem av eit samarbeidsutval (PDF, 2 MB)

Elevråd

Elevrådet skal fremma fellesinteressene til elevane ved skulen og arbeida for å skapa godt lærings- og skulemiljø.

Rådet skal også kunne uttala seg i og koma med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane. 

Les meir om arbeid med elevråd på Udir

Foreldreutvalget (FUG)

Ei nettside og ressurs for alle foreldre som har barn i skulen.

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Anita Jørstad Grindheim
Anita Jørstad Grindheim
Barnehage- og skulesjef
Oppvekst
E-post
Telefon 90 11 54 97