Innskriving

Elevane blir innskrivne våren det året dei byrjar i første klasse. Grunnskuleopplæringa startar til vanleg det året barnet fyller 6 år.

Innskriving

Kvar skule kunngjer innskrivingsdato. Innskriving skjer i oktober/november året før eleven skal begynna på skulen. 

Overgangsprosedyre og innskrivingsskjema (PDF, 2 MB)

Rett til opplysningar om barnet ifølge barnelova §47

Utsatt eller framskunda skulestart

Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starta i skulen, har barnet rett til å utsetta skulestarten eitt år dersom foreldra krev det.

Etter sakkunnig vurdering, og med skriftleg samtykke frå foreldra, kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetta skulestarten eitt år. Dersom foreldra søker om det eller samtykker, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skulen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

Opplæringslova kapittel 2

Rettar for barn med nedsett funksjonsevne

Meir om rettar i grunnskulen for barn med nedsatt funksjonsevne og deira foreldre

Målform

Hovudmålet i grunnskulane i Vindafjord kommune er nynorsk.