Stafettloggen

Stafettloggen er ein elektronisk logg som blir oppretta og følger opp ei uro rundt eit barn eller ein ungdom. Me brukar den også som dokumentring av tiltak som er prøvd ut i heim, barnehage og skule ved tilvising til PPT.

Stafettloggen er eit verktøy som skal vera med å sikra samanheng i oppfølginga for barn og unge. Som namnet seier, tydeleggjer ein kven som er «stafetthaldar» og ansvarleg for framdrift.

I møte blir tiltak drøfta, ført i loggen og ansvar fordelt. Alle tiltak, målsettingar, kven som har ansvar for kva tiltak og frist for evaluering, blir dokumenter i loggen. Vurdering av tiltaka og eventuel plan for nye blir også dokumentert.

Loggen blir avslutta, og det blir tatt ei utskrift til arkivering i elevmappa, når det ikkje lenger er bekymring eller behov. Føresette kan sjølv velja å avslutta loggen.

Loggen blir oppretta etter samtykke frå føresette (og den unge sjølv frå 15 år), og er godkjent av Datatilsynet for lagring av personsensitive opplysningar.

Pålogging skjer med bruk av BankID