PåGlimedBTI

Vindafjord kommune er ein BTI-kommune, og i den samanheng vert det arrangert ein årleg konferanse «PåGlimedBTI» , der alle som jobbar med barn og unge deltek og høyrer det same. På denne sida finn de informasjon om konferansen. 
  

   

PåGlimedBTI konferansen blei første gong arrangert i Vindafjord i 2018. Tanken med denne årlege konferansen er at alle som jobbar med barn og unge skal få høyre og lære det same. Det er ein viktig del av BTI arbeidet i kommunen, og ikkje minst i forankringsprosessen. Den er lagt til planleggingsdag for barnehage og skule slik at det vert enkelt for styrarar og rektorar å få det til å samle alle på denne konferansen. Andre tverrfaglege tenestar er også ein viktig del av BTI arbeidet, dette er PPT, barnevernet, helse, psykisk helse, tilrettelagde tenestar, integreringstenesta, kultur og læring med fleire. Eksterne samarbeidspartnarar som politiet og politikarar er også med på laget. 

PåGlimedBTI 2023 Nils Erik Eide

Neste PåGlimedBTI konferanse blir måndag 20. januar 2025

Les om PåGlimedBTI konferansen 2024 med Adil Kahn som headliner

Les om PåGlimedBTI konferansen 2023 med Marco Elsafadi som headliner

Sjå teaser frå PåGlimedBTI konferansen i 2021:

Her er plakatane frå konferansane som me har arrangert

Konferansen i 2020 blei dessverre avlyst grunna Covid-19