BTI-modellen

Vindafjord kommune har vedteke ein plan for tverrfagleg samarbeid som inkluderer ei oversikt over einingar og organisasjon og møteplan for faglege og tverrfaglege møter gjennom året.

Me ønsker å vera ein heilskapeleg og god kommune å veksa opp i. Dette betyr at me vil ha god kvalitet i alle ordinære tenester, frå barnehage og skule, til helsestasjon, barnevern og PPT.

Det er ikkje modellar og verktøy i seg sjølv som viktigast, men korleis me brukar det.

Noko av det viktigaste for oss er å jobba for best mogeleg «lag rundt barnet», der barn eller elev sjølv er viktigast, og saman med føresette er aktivt med på å finna løysingar både i heim, barnehage og skule.

BTI modellen - plan for tverrfagleg samhandling i Vindafjord kommune

Vedteken i kommunestyret 15.12.20