Er du barn eller ungdom og ønskjer å ta kontakt?
Nokre barn og ungdommar ønsker sjølv å ta kontakt med barneverntenesta. Dersom du synes det er vanskeleg å ringa, kan det vera lurt å spørja ein vaksen du stolar på om å hjelpa deg med å ringa. Du kan også treffa oss på rådhuset i Ølen. Me i barneverntenesta er her for å hjelpa deg.
Du kan også ringa alarmtelefonen for barn og unge på telefon 116 111. Dei vil vidareformidle bekymringa di til oss.
Korleis melda inn ei bekymringsmelding?
Du kan ta kontakt med barneverntenesta for råd og rettleiing dersom du er bekymra for eit barn eller ungdom. Du kan vera anonym når du ringer.
- Mottakstelefonen til barneverntenesta (08.00 - 15.30) 90 24 63 59
- VEST Barnevernvakt (15.30 - 08.00) 90 17 05 91
- Alarmtelefonen for barn og unge 116 111
Du kan også registrera bekymringsmeldinga di digitalt. Som privatperson kan du velja å vera anonym. Alle meldingar skal bli behandla snarast og innan ei veke.
For privatpersonar
Dette skjemaet er for privatpersonar som vil senda inn bekymringsmelding til barnevernet:
Digital bekymringsmelding for privatpersonar
For offentleg tilsette og fagpersonar med meldeplikt
Dette skjemaet er for tilsette som skal senda inn bekymringsmelding i kraft av stillinga si:
Digital bekymringsmelding for offentleg tilsette
Om offentlege myndigheiter har grunn til å tru at eit barn blir utsett for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, har dei plikt til å melda saka vidare til barnevernet.
Anonym bekymringsmelding
Når du melder frå til barnevernet kan du både melda frå med fullt namn eller vera anonym:
- Du kan bruka fullt namn både ovanfor familien og barneverntenesta. Då vil foreldra i saka bli informerte om at det er du som melder.
- Du kan velja å melda inn saka anonymt, slik at verken barnevern eller foreldre veit kven som melder. Hugs at familien får høve til å sjå meldinga, slik at om du til dømes skriv at du er tante til barnet, kan du lett bli kjent igjen.
- Du kan bruka fullt namn overfor barnevernstenesta, men be om at det ikkje blir gjort kjent for foreldra. Dersom du vel dette alternativet, vil anonymiteten bli oppheva dersom barneverntenesta fører sak om omsorgsovertaking, og saka må i retten.
Skjema for anonym bekymringsmelding for privatpersonar (PDF, 282 kB)
Send skjema som brev i posten til:
Etne Vindafjord barnevernteneste, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Spørsmål og svar
Dersom du er bekymra for eit barn/ungdom så skal du melda frå til barneverntenesta. Du kan ringa oss for råd og rettleiing før du melder inn bekymring. Du kan vera anonym når du ringer oss.
Bekymringane dine kan til dømes vera knytt til at du opplev at barnet/ungdommen strevar, emosjonelle vanskar, atferdsvanskar, atferdsproblematikk eller kriminalitet. Bekymringane kan også handle om at du opplev at foreldra ikkje klarar å gje barnet/ungdommen den tryggleiken, omsorga eller støtta som det har behov for.
Har du bekymring eller mistankar knytt til rus, vald eller overgrep?
- Ring mottakstelefonen til barneverntenesta 90 24 63 59 eller VEST barnevernvakt: 90 17 05 91
- Dette er å rekne som akutte situasjonar kor barnet/ungdommen har behov for øyeblikkeleg hjelp.
Er du bekymra, skal du melda frå uansett. Meldinga di kan vera svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdere alvoret og om hjelp er naudsynt.
Du kan ringa mottakstelefonen til barneverntenesta, du vil då få snakka med ein kontaktperson. Du kan senda digital bekymringsmelding både som privat og offentleg meldar. Du kan også skrive eit anonymt brev og sende per post.
På kveldstid kan du kontakta VEST barnevernvakt – eller ringa gratis til den landsdekkande alarmtelefonen for barn og unge telefon 116 111. Då blir bekymringa di formidla vidare til barnevernet der barnet bur.
Barneverntenesta skal i løpet av ei veke avgjere om dei opnar undersøkelse eller henlegg bekymringa. Ei undersøking skal vanlegvis ikkje overskride tre månadar.
Etter undersøkinga er ferdig vil barneverntenesta anten tilby hjelpetiltak eller henlegge undersøkinga. Hjelpetiltak er frivillige. Dersom ungdommen er over 15 år kan ungdommen sjølv vera med på å samtykke til hjelpetiltak. Ungdommen er då å rekne som part i eiga sak.
Dersom foreldre/ungdom ikkje ønskjer å ta i mot hjelpetiltak, men bekymringa til barneverntenesta for barnets/ungdommens omsorgssituasjon vedvarer, kan fylkesnemnda pålegga familien hjelpetiltak.
Barneverntenesta kan føreslå ulike hjelpetiltak som vil gjera situasjonen betre for barnet/ungdommen. Dei fleste barn (8 av 10) får hjelp heime hos foreldra. Hjelpetiltak kan eksempelvis vera råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen.
Dersom born blir utsett for grov omsorgssvikt, og hjelpetiltak ikkje fører til den naudsynte endringa for barnet, kan barneverntenesta vedta å midlertidig overta omsorgen for barnet. Dette blir avgjort i fylkesnemnda. Å overta omsorgen for eit barn er det mest inngripande barneverntenesta kan gjera, og alle andre hjelpetiltak skal vera prøvd ut først. Dersom barneverntenesta får medhald i fylkesnemnda om å overta omsorga for barnet, vil barnet bli plassert hos ein godkjent fosterheim eller på ein barnevernsinstitusjon.
Omsorgsovertaking er å rekna som eit midlertidig tiltak, og barneverntenesta skal arbeida for at barnet blir gjenforent med sine foreldre.
Nei, du kan velja å vera anonym. Barnevernet må informera familien om innhaldet i meldinga. Foreldra vil då ofte forstå kven som har meldt frå.
Nei. Barnevernet har teieplikt. Dette er annleis for tilsette i for eksempel skule eller barnehage. Dei har krav på tilbakemelding om det vert sett i gang tiltak eller ikkje.
Ja. Du vil ikkje få veta kva barnevernet har gjort sidan sist du ringte. Om du framleis er bekymra, er det likevel viktig at du tek kontakt og fortel kvifor.
Du kan bli innkalla som vitne. Du har i så fall plikt til å møta og fortelja kvifor du har vore bekymra.