Trygt og godt barnehagemiljø

Barn og unge skal både ha eit trygt og eit godt miljø i barnehagen. Å ha eit godt barnehagemiljø er knytt til inkludering, tilhøyrsle, omsorg og tryggleik. Fråvær av mobbing er eit sentralt kjenneteikn på eit trygt barnehagemiljø. Vindafjord kommune har nullvisjon for mobbing i barnehage.

TRYGT OG GODT BARNEHAGEMILJØ

HANDLINGSPLAN

Copilot KI

Trygt og godt barnehagemiljø

Barnehagelova kapittel VIII om psykososialt barnehagemiljø understrekar nulltoleranse, førebygging og plikta til å sikra eit trygt og godt miljø. Barnet sine behov og tryggleik skal alltid stå i sentrum, og dette krev innsats frå både føresette og tilsette. Alle må arbeida aktivt, ha kunnskap om krenking og ta det på alvor.

Eit trygt barnehagemiljø betyr at barna ikkje skal komma til skade, kjenner seg inkluderte og trivs i fellesskapet. Barna si subjektive oppleving avgjer om miljøet er trygt og godt, og dei tilsette må vera bevisste på dette.

Krenkingar er negative ord og handlingar som ekskluderer barn frå fellesskapet. Opplevinga av krenking varierer frå barn til barn, avhengig av situasjon, alder og personlege forhold. Dei tilsette må forstå kva krenkingar er og handtera dei.

Inkludering betyr at alle barn får delta i fellesskapet uansett føresetnader. God tilrettelegging er nødvendig for å gje alle ein reell moglegheit til å delta, og dette er dei tilsette sitt ansvar. Gode fellesskap kan førebygge utanforskap.

Det er viktig at barn og føresette seier frå om krenkingar. Barnehagen har plikt til å undersøka og setja i verk tiltak om eit barn opplever krenking. Arbeid mot krenking krev kontinuerleg innsats, og handlingsplanen til einingane i Vindafjord dannar grunnlag for dette arbeidet.

Førebyggjande arbeid

Førebyggjande arbeid blir delt i tre. Det er avklaring og ansvar, trivselsfremjande tiltak og reglar

Avklaring og ansvar 

  • Det er dei vaksne sitt ansvar at barn og unge har det bra. Føresette og tilsette må jobba saman for å lukkast i dette arbeidet.
  • Alle tilsette har eit ansvar for å utvikla gode relasjonar til alle barn og føresette.
  • Alle som arbeidar i  barnehage skal følgja med på om barna  har det trygt og godt og gripa inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Ein skal også snarast undersøkja saka og setja inn tiltak. Dette er regulert  Barnehagelova §42. 
  • Det er barnet sjølv som skal definera om han/ho opplever seg krenkja, og/eller utsett for mobbing.
  • Føresette har eit ansvar for å ta kontakt om dei er bekymra for trivselen til eige barn.
  • Den tilsette skal vera ein vaksen som barnet kan ha tillit til.
  • Den tilsette skal vera leiar av gruppa på ein måte som blir opplevd trygg og tillitsfremjande for barna. Varme og grensetjande tilsette.
  • Det psykososiale miljø i barnehage skal vera eit fast tema i foreldre- føresettemøte.
  • Barns sosiale læring og utvikling skal vera eit tema ein har dialog om i foreldresamtale.
  • Det blir gjennomført strukturerte barnesamtalar med dei eldste barna i barnehagen. Samtalane er dialogbaserte, og blir gjennomført årleg. Sosial læring og utvikling er eit sentralt tema.
  • Overgangane mellom barnehage - barneskule, barneskule - ungdomsskule og ungdomsskule - vidaregåande skule blir opplevd som planmessige og trygge for barn og unge.


Trivselsfremjande tiltak

Barnehagane  skal jobba aktivt for å fremja eit trygt og godt miljø for alle.  

Tiltak for alle barnehagar :

  • Alle barnehagane  i kommunen har flotte naturperler nær seg som dei brukar til fysisk aktivitet, leik og læring - heile året.
  • I tillegg til dei daglege tiltak, har alle barnehagar  nokre årlege aktivitetar og arrangement som har til føremål å skapa samhald, trivsel og inkludering for alle.
  • Me har felles planar og eit godt samarbeid om aktivitetar som skal sikra trygge og gode overgangar for barn og unge.
    • Overgang heim - barnehage
    • Overgang barnehage - barneskule
    • Overgang barneskule - ungdomsskule
    • Overgang ungdomsskule - vidaregåande skule
  • Det blir lagt vekt på å byggja eit sterkt foreldrefellesskap i barnehage.
Copilot KI

Årsplan

Årsplan for barnehagen kan bli sett på som spelereglar i arbeidet med å utvikla trygge og gode oppvekstmiljø. 

Føremål med årsplanen, den 

  • skal fremja  varme og grensesetjande vaksne
  • skal vera enkel, og den skal hjelpa barn til sosial læring og utvikling.
  • skal fremja eit samarbeid mellom føresette og tilsette.

Uro for barnehagemiljøet for ditt barn?

Ta snarast kontakt med pedagog eller styrar og meld frå om di uro for ditt barn.

I enkelte saker vil ein jobba tverrfagleg , BTI, betre tverrfagleg innsats, skal sikra at barnet får den oppfølginga og hjelpa dei treng. For å kunne vera sikre på at me fangar opp og bidrar best mogeleg er det naudsynt med nært og godt samarbeid mellom dei kommunale tenestene. Les meir om dette her:

Handlingsrettleiar BTI Vindafjord kommune

Barnehagen har ei aktivitetsplikt, den er regulert gjennom Barnehagelova: 

§ 42. Plikt til å sikre at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (aktivitetsplikt):

Alle som arbeider i barnehagen, skal følgje med på korleis barna i barnehagen har det. Alle som arbeider i barnehagen, skal melde frå til barnehagens styrar dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Styraren skal melde frå til barnehageeigaren i alvorlege tilfelle. Ved mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen snarast undersøkje saka. 

Når eit barn eller foreldra seier at barnet ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen undersøkje saka og så langt det finst eigna tiltak, sørgje for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø. Det same gjeld når ei undersøking som barnehagen sjølv har sett i gang, viser at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. 

Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.

Barnehagen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå:

  1. Kva problem tiltaka skal løysa
  2. Kva tiltak barnehagen har planlagd
  3. Når tiltaka skal gjennomførast
  4. Kven som skal gjennomføra tiltaka
  5. Når tiltaka skal evaluerast

§ 43.Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider i barnehagen, krenkjer eit barn:

Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider i barnehagen, krenkjer eit barn med for eksempel utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande straks melde frå til barnehagens styrar. Styraren skal melde frå til barnehageeigaren (kontaktinfo i høgre marg).

Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at styraren i barnehagen krenkjer eit barn med for eksempel utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande melde frå til barnehageeigaren direkte.

Undersøkingar og tiltak etter § 42 tredje og fjerde ledd skal iverksetjast straks.

 Kva skjer når du har meld uro for barnehagemiljøet?

Barnehagane/oppvekstsentra har aktivitetsplikt når nokon melder frå om at dei ikkje har eit trygt og godt miljø.

Barnehagen vil ta kontakt med føresette for samtykke, og det vil bli oppretta ein skriftleg aktivitetsplan. Aktivitetsplanen skal bli laga og gjennomført i dialog med barn og føresette. Aktivitetsplanen blir lagra i mappa til barnet.

Aktivitetsplanen skal innehalde:

  1. Kva problem tiltaka skal løysa.
  2. Kva tiltak skulen har planlagt.
  3. Når tiltaka skal bli gjennomført.
  4. Kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka.
  5. Når tiltaka skal bli evaluert.

Barnehagen sitt ansvar for å sikra eit godt barnehagemiljø

Barnehagane har eit ansvar for å ha oversikt og kontroll med korleis barnemiljøet er. Det skjer for det meste gjennom daglege observasjonar.

Copilot KI

Skjerpa aktivitetsplikt om vaksne krenkjar barn

Gjeld uro for barnehagemiljøet når tilsette som gjennom munnleg språk, kroppsspråk eller haldningar opplevast krenkjande, skal du snarast ta kontakt med styrar/einingsleiar/avdelingsleiar barnehagen.

  • Gjeld uroa styrar/einingsleiar/avdelingsleiar ved barnehagen sine handlingar eller haldningar, skal du ta kontakt med barnehage- skulesjef eller kommunalsjef.
  • Tilsette ved barnehagen har varslingsplikt om dei opplever eigne kollegaer opptre på ein krenkjande måte overfor barn.
  • Styrar skal varsla kommunalsjef om det blir meldt frå om tilsette som blir opplevd krenkjande.
  • Undersøkingar og tiltak skal setjast i gong straks ved slike saker.

Dette er regulert i barnehagelova § 43

§ 43. Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider i barnehagen, krenkjer eit barn

Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider i barnehagen, krenkjer eit barn med for eksempel utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande straks melde frå til barnehagens styrar. Styraren skal melde frå til barnehageeigaren.

Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at styraren i barnehagen krenkjer eit barn med for eksempel utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkommande melde frå til barnehageeigaren direkte.

Undersøkingar og tiltak etter § 42 tredje og fjerde ledd skal iverksetjast straks.

Lov om barnehagar

Handlingsplan

Copilot KI

Barnehageloven kapittel VIII Psykososialt barnehagemiljø seier noko om nulltpøeranse, førebygging og plikta til å sikra trygt og godt psykososialt barnehagemiljø.

Barn har rett til eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing/krenking av andre. Å sikra barnet sin rett, vil krevje heilhjarta innsats av både føresette og tilsette. Skal me nå målet, må alle gjera eit aktivt arbeid, ha kunnskap om krenking og om verknadane av dette, og vera forplikta på å ta krenking på alvor om denne vert avdekka.

For den som vert utsett for krenkjande ord og vondsinna åtferd eller vert utestengd, har dette verknader som eit overgrep. Dette kan skada eit barn både på kort og lang sikt. Mobbing handlar i stor grad om at plagar har makt og at den som vert krenka kjenner avmakt.

Den digitale kvardagen har gjeve nye arenaar for krenking.  Om ein skrive nedlatande om andre på sosiale media, slepp ein stå ansikt til ansikt med den ein krenker. Det kan også vera rakst å «hengja seg på» ei negativ melding frå andre og støtta opp om negative « bylgjer» og haldningar eller bevisst la vera å «lika» noko som den krenka legg ut.

Det kan vera vanskeleg å seie i frå, men det er likevel viktig. Føresette har rett til å ta kontakt med barnehagen eller skulen om barnet vert utsett for krenkjande ord eller handlingar. Gjennom lova har ein også krav på at barnehagen set i gong undersøking og tiltak om eit barn opplever å ikkje ha det trygt og godt.

Arbeid mot krenking og mobbing krev kontinuerleg innsats. Handlingsplanen er ein forpliktande plan og dannar grunnlaget for dette arbeidet.

Barnehagen sitt arbeid mot krenking

Mål: Alle barn skal oppleve eit trygt og godt miljø fritt for krenking og mobbing

 Definisjonar av omgrepet mobbing/krenking

Med mobbing eller krenking forstår vi psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utførd av einskildpersonar eller grupper. Krenking føreset eit ujamnt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane vert gjentekne over tid. ( omsett til nynorsk frå Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, SAFs program mot mobbing. Læreveiledning, 2003)

Mobbing av barn er handlinger for vaksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til, å være en betydningsfull person i fellesskapet og muligheten til medvirkning, (Lund, Helgeland, Kovac, 2017)

Kjenneteikn på krenking, obs dersom nokon har ein eller fleire kjenneteikn

Den krenka 

  • Engstelege
  • Søvnvanskar 
  • Tar lett til tårene 
  • Under gjennomsnittleg skuleprestasjon 
  • Svakare sjølvbilete 
  • Usikker på «sosiale spelereglar» 
  • Utsjånad spelar inga rolle 
  • Alle kan bli offer for krenking 

 

Plagar

  •  Skil seg lite ut. Kan vera kven som helst
  • Høgare aggressivitet enn vanleg 
  • Populære blant andre plagarar 
  • Avhengig av publikum for å fortsetja krenkinga 
  • Alle kan bli/kan vera krenkjar

 

Tilskodar

  • Ser og veit, men deltar ikkje
  • Taus majoritet 
  • Trur at dei andre er positive til plagaren og vågar ikkje å bryte inn
  •  Alle er/ kan vere tilskodarar

 

Krenking i gruppa

  • Like mykje krenking i små som i store grupper
  • Svak leiing av gruppa
  • Uklare rutinar 
  • Generell utryggheit mellom mange av barna

 

Samarbeid heim - barnehage

  • Dårleg forståing mellom heim og barnehage, kan forsterke problemet krenking og gjere det vanskeleg for begge partar å ta det opp dersom krenking oppstår

 

Førebygging i barnehagen

  • Mål: Alle barn skal oppleve eit godt og trygt miljø

 

Relasjon vaksen - barn

  • Vera ein tydeleg vaksen som barn kan ha tillit til.

 

Det betyr:

Relasjonsbygginga til det einskilde barn går føre seg kontinuerleg og skal ha høg kvalitet gjennom: 

  • faste barnesamtalar med dei eldste barna (barn over 2 år, minst 1 gong kvar halvår, oftare ved behov) 
  • dagleg dialog inne og ute
  • barna må oppleve at dei vaksne har tid til dei
  • gode rutinar og struktur på dagen
  • tydelege varme og grensetjande vaksne 
  • barna må oppleve at lærar har tid til dei 
  • framsnakka og gje ros og oppmuntring
  • god tone og godt humør

 

Relasjon vaksen - gruppe

Den vaksne syner tydeleg leiing på ein slik måte at gruppa vert opplevd som ein trygg stad for alle barna.

Det betyr: 

At den vaksne si relasjonsbygging til gruppa har høg kvalitet gjennom: 

  • god styring/leiing, med varme, tydelege og grensesetjande vaksne 
  • dagsplan på tavla som vert gjennomgått kvar dag (på dei store avdelingane)
  • Kvart barn skal vera likeverdige og trygge i gruppa
  • ”Gledesperler”, ”Smiles” eller andre verkemiddel som forsterkar positiv åtferd
  • framsnakka og sjå kvar enkelt i gruppa
  • arbeide med å regulera barn som forstyrrar ( med kommentarar og aktivitetar)
  • leggja til rette for tilpassa opplæring

 

Relasjon barn - barn

Me arbeidar for at alle barn skal utvikle god sosialkompetanse og ynskjer at alle skal ha det trygt.

Øve grunnleggjande sosial kompetanse  gjennom kvardagsaktivitetar, leik og samhandling.

Dei vaksne si stimulering av positive relasjonar mellom barn skal gå føre seg kontinuerleg og ha høg kvalitet gjennom ulike tiltak, t.d.:

  • faste grupper 
  • øva grunnleggjande sosial kompetanse, som å seia ”Hei!” eller ”God morgon!” når ein treff kvarandre, og gjennom spel, leik og samhandling. 
  • sosiale tiltak der alle vil verta inkluderte og får det kjekt i leiken, t.d. turar og kveldsaktivitetar

 

Relasjon Vaksen – føresette

Relasjonen mellom pedagog/vaksen i barnehagen og den einskilde barn sin føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje.

Det betyr:

Den vaksne sitt arbeid med å byggje gode relasjonar til føresette går kontinuerleg og skal ha høg prioritet: 

  • foreldresamtalar to gonger i året 
  • foreldremøte to gonger i året, der eit omhandar eit tema fastsett av pedagoggruppa
  • oppstartsmøtet for nye føresette våren før barnehagestart 
  • informasjon vert formidla gjennom MyKid og treffpunkt i henting og brining 

 

Når skule og heim dreg i same retning vert det best for barna!

Barnehagen sitt samarbeid med heimane 

Barnehagen har eit ope og aktivt samarbeid med dei føresette som gruppe.

Tiltak barnehagen set i verk for å medverka til at barnehagen sitt samarbeid med heimane har høg kvalitet og medverkar best mogleg til utvikling av gode læringsmiljø: 

  • Foreldremøte kvar haust planlagt av og pedagogane i barnehagen
  • Samarbeid gjennom SU
  • Informasjonsskriv frå leiar
  • Vekeplanar/månadsplanar og informasjonsskriv til føresette via MyKid
  • Oppmuntre til gjensidig kontakt 
  • Løysa usemje så raskt som mogleg og på lågast mogleg nivå
  • Viktig treffpunkt skjer i hente- og bringesituasjonar

 

Barnehagestart

Barnehagestarten skal vere planlagt, trygg og gje alle barn ei positiv oppleving

Tiltak set i verk for å sikra ein god årleg start for barnegruppene

Tilvenning til barnehagestart:

  • Informasjonsmøte for nye foreldre
  • Besøksdag for nye barn og foreldre

 

Tilvenning overgang småbarn til storbarn:

  • Besøkstider og tilvenning på våren for dei som skal over
  • Besøksdagar og foreldremøte for nye foreldre/barn på våren

 

Overgang til skulestart (1.kl): 

  • Brev til heimen før oppstart i 1. klasse med innskrivingspapir 
  • Ny 1. klasselærar besøkjer 6 åringane i barnehagen og har samtale med pedagogisk leiar, saman med ein frå skuleleiinga 
  • 5.klasse-elevane er på besøk i barnehagen, og blir også med på innskrivingsdagen. Dei skal vera fadrar for ny 1.klasse
  • 6-åringane i barnehagen kjem på besøk på skulen (til noverande 1.klasse)
  • Innskrivingsdag med ei økt i 1.klasserommet, og tid med fadrane når foreldra har møte med rektor og kontaktlærar

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Anita Jørstad Grindheim
Anita Jørstad Grindheim
Barnehage- og skulesjef
Oppvekst
E-post
Telefon 90 11 54 97
Profilbilde av Nils Erik Eide
Nils Erik Eide
Kommunalsjef
Kommunedirektør
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 65 35
Mobil 98 28 68 72