Prisar og betaling barnehage

Betalingssatsar

Takstar for kommunale barnehagar

Takstar for kommunale barnehagar
Tilbod Takst Takst frå 01.08.24
2 dagar per veke 1800 kroner 900 kroner
3 dagar per veke 2250 kroner 1125 kroner
4 dagar per veke 2700 kroner 1350 kroner
5 dagar per veke 3000 kroner 1500 kroner
Søskenmoderasjon
For søsken er det full pris for det første barnet.
Andre barn 30 prosent
Tredje barn og fleire Gratis
Pris andre tenester
Matpengar per måltid 15 kroner
Gebyr for sein henting av barn 350 kroner per påbegynt halvtime
Takstane er vedteke av kommunestyret og gjeld frå 1. januar 2024

Søskenmoderasjon

I forskrift 16. desember 2005 nr. 1478 om foreldrebetaling i barnehagar § 3a vert det følgjande endring frå 1. august 2023:

Nytt første ledd: 

*) Kommunen skal gi foreldre minimum 30 prosent reduksjon i foreldrebetaling for barn nummer 2 og 100 prosent reduksjon i foreldrebetaling for barn nummer 3 eller fleire barn, dersom:

a.    søskjen bur fast saman, og,
b.    går i barnehagar i same kommune.

Les meir om endringa her.

Reduksjon i foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushald med låg inntekt.

Du har rett på redusert foreldrebetaling om maksimumsprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldet.

Gratis kjernetid (20 timar per veke) gjeld for 2-, 3-, 4- og 5-åringane i familiar og hushald med samla årsinntekt under 615.590 kroner frå 1. august 2023. Frå 1. august 2024 (barnehageåret 24/25) blir inntektsgrensa auka til 642 700 kroner.

Foreldrebetalinga blir rekna ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. Ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar blir rekna som eit hushald.

Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Dokumentasjon av inntekt

Skattemelding(ane) skal leggast ved søknaden som dokumentasjon på inntekt. Dersom ikkje alt er registrert på skattemeldinga av skattepliktig person- eller kapitalinntekt, må du å opplysa om dette ved søknad.

Dersom du ikkje kan legga fram skattemelding (sjølvmelding), til dømes på grunn av kort butid i landet, kan du legga fram annan dokumentasjon på inntekt. Kommunen gjer ei individuell skjønnsvurdering.

Du kan legga fram annan dokumentasjon for inntekt, eller søka gjennom året, dersom det er vesentleg og varig endring i inntekta til hushaldet. Vesentleg og varig endring kan til dømes vera tap av inntekt som følge av langvarig arbeidsløyse, endring i samansetting av hushald eller liknande. Merk at reduksjonen då får verknad frå første faktura etter godkjent mottatt søknad.

Slik søker du

Du søker elektronisk gjennom Visma Flyt sin føresetteportal.

Søknadsfrist

Ordinær søknadsfrist for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid er 1. august for kommande barnehageår. Søknadane blir behandla fortløpande. Det kan ta inntil 3 veker før du får svar. 

Du kan i tillegg søka gjennom heile året. Om du søker etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Dersom rekning er fakturert, skal ein betala sjølv om prisreduksjon er gitt. Prisreduksjon vert trekt frå på neste faktura.

Merk at du må søka på nytt for kvart barnehageår.

Les meir om foreldrebetaling her

Treng du hjelp til å søka?

Ta kontakt med sentralbordet på 53 65 65 65
eller send e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no.